 |
18. april 2013
Ny strandrydding på Runde 27. april
Runde Miljøsenter, i lag med SSR og grendalaget, inviterer også i år til strandrydding på Runde. I lag med resten av Norge er det 27. april som er fokusdag for ryddinga. På Runde Miljøsenter skal vi registrere, sortere og analysere avfallet før det blir innlevert til SSR.
Les meir |
| |
|
 |
18. april 2013
SSR held komposteringskurs på Runde Miljøsenter
Jordnære og praktiske tips for å lukkast med heimekompostering var essensen i kurset i heimekompostering som vart arrangert i regi av SSR på Runde Miljøsenter onsdag kveld. Godt blanda med nyttig teori og lun humor frå kurshaldar Nils Roar Hareide var det mange nøgde kursdeltakarar.
Les meir |
| |
|
 |
18. mars 2013
Vårpåske på Runde
Fjørevandring, fjellvandring, historievandring, utstillingar og foredrag: Fugleøya Runde har mykje å by på for dei som vil møte våren i havgapet i påska. Runde Miljøsenter held ope kvar dag frå palmesøndag.
Les meir |
| |
|
 |
04. mars 2013
Søndagsforedrag: Botndyr og fjøreliv - og Den Grøne Korridor
Annelise Chapman fortel om kva som skjuler seg i Den Grøne Korridor. Korleis pustar børstemarken og kven er den dyktigaste rørleggaren? Og korleis kan dei gi forskarane informasjon om forureining? I fjøra og på havbotnen kryr det av ørsmå skapningar med forbløffande eigenskapar.
Les meir |
| |
|
 |
21. februar 2013
Søndagsforedrag: Kampen for nye generasjonar.
Dette med å skaffe seg etterkomarar er ikkje alltid så enkelt. Strategiane for å lukkast kan vere kompliserte både hos den eine og den andre. Korleis fisk gjer det blir det foredrag om ved Runde Miljøsenter komande søndag.
Les meir |
| |
|
 |
20. februar 2013
Vi treng kokkar snarast!
Er du ein entusiastisk, kreativ og effektiv kokk?
Ja då må du kontakte oss for ein prat.
Les meir |
| |
|
 |
07. november 2012
Irske fiskarar og forskarar på besøk
I november har det vore stor aktivitet på Runde og Miljøsenteret. Eit av besøka var frå Irland. Ein gjeng hyggelege fiskarar og forskarar hadde funne vegen til Sunnmøre og Runde for å lære av den sterke fiskerinæringa her i regionen.
Les meir |
| |
|
 |
24. oktober 2012
På jakt etter gamle synder
Den gule farkosten ligg ein augneblink og duppar i småbølgjene, så dukkar han og blir borte i djupet. På overflata er det berre kabelen han dreg etter seg som viser kva for retning han går i. Tre par auge følgjer nøye med på dataskjermane ombord. Følgjene av gamle synder skal endeleg dokumenterast på film.
Les meir |
| |
|
 |
26. september 2012
Feiring og foredrag om årets hekkesesong på Runde
Mange har hatt glede av å sjå den nye fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter sidan den opna til påske. No er det på tide å vise fram fagfolka bak også – og å gjere opp status for årets hekkesesong i fuglefjellet på Runde.
Les meir |
| |
|
 |
21. september 2012
Runde Miljøsenter nominert til EU-pris
- Eg er så glad og stolt! Dette viser at denne måten å tenkje på får gjennomslag på internasjonalt nivå, seier forskar Lise Chapman ved Runde Miljøsenter. I lag med samarbeidspartnarane frå landa rundt Nordsjøen er senteret nominert til Europakommisjonens høgthengande pris RegioStars 2013 for prosjektet Cradle to Cradle Islands (C2CI).
Les meir |
| |
|
 |
18. september 2012
Stemningsfullt i skoddeheimen
Ein kald og våt sommar har fått nordmenn til å rømme til Syden. Manuel kom andre vegen, og viste oss at naturen her kan vere vakker sjølv med skodde langt ned i nakken.
Les meir |
| |
|
 |
16. august 2012
Planlegg kunstige øyar
- Kva blir følgjene for miljøet? Det er spørsmålet forskarar frå Taiwan, Tyskland, Spania og Noreg diskuterer ved Runde Miljøsenter nokre dagar midt i august. Dei er engasjerte i EU-forskingsprosjektet Tropos, som skal utvikle miljøvennlege, kunstige øyar.
Les meir |
| |
|
 |
14. august 2012
Populært oljevernkurs
30 nye frivillege har fått kursbevis og er klare til innsats når ei ny katastrofe skjer. Andre helga i august arrangerte World Wide Fund for Nature (WWF) og NorLense oljevernkurs for frivillege ved Runde Miljøsenter. 30 til står på venteliste for å få vere med på det neste.
Les meir |
| |
|
 |
08. august 2012
Sommarfest
Kvite dukar, stearinlys, sjømat og godt selskap: Torsdagskvelden 2. august var det på tide med eit pusterom for tilsette og ferievikarar ved Runde Miljøsenter.
Les meir |
| |
|
 |
26. juni 2012
EfficienSea: Mørekysten er EU-pilot i stort kartleggingsprosjekt
Gjennom EU-prosjektet EfficienSea er dei sårbare områda langs kysten på Sunnmøre kartlagt i detalj. Tanken er at informasjonen på sikt skal kunne nyttast i planlegging av skipstrafikk, naudhamn og i samband med ulykker til sjøs.
Les meir |
| |
|
 |
26. juni 2012
Gratis foredrag med internasjonal stjerne
Han har brukt fugleforsking som fredsarbeid og militært utstyr til å kartlegge fuglar sine trekkruter. Han har utvikla utdanningsprogram og samarbeid mellom skular i land som er i krig med kvarandre og hatt besøk av folk som Bill Clinton. Tysdag 3. juli kl. 19.30 held professor Yossi Leshem gratis foredrag ved Runde Miljøsenter.
Les meir |
| |
|
 |
26. juni 2012
Referat og presentasjonar frå taremøte ved Runde Miljøsenter 16.-17. april
Rett over påske inviterte Fiskeridirektoratet til møte om tarehausting på Runde Miljøsenter. På Fiskeridirektoratet sine heimesider kan ein no finne referat frå møtet, samt pdf-versjonar av alle presentasjonane.
Les meir |
| |
|
 |
07. juni 2012
Oljevernkurs og strandrensing på Runde Miljøsenter
WWF Ren Kyst og NorLense held kurs om oljevern og strandrensing ved Runde Miljøsenter 10-12 august. Alle som er interessert kan melde seg på. Alle utgifter vert dekte, unntatt drikke til middagen og reisekostnader.
Les meir |
| |
|
 |
07. juni 2012
Sommarope på Runde Miljøsenter
Frå og med søndag 10.juni held Runde Miljøsenter ope for besøkande kvar dag. Utstillingane er opne mellom klokka 11 og 17, og kafèen mellom klokka 12 og 17 kvar dag.
Les meir |
| |
|
 |
01. juni 2012
Bilete frå kronprinsparbesøket
Kronprinsparet besøkte Herøy og Runde fredag 25.mai. Her er nokre bilete frå besøket på Runde.
Les meir |
| |
|
 |
23. mai 2012
Havørna på plass
Ein plass har stått tom i den nye fugleutstillinga til Runde Miljøsenter. Men no er også havørna på plass - akkurat i tide til kronprinsparet kjem fredag 25. mai.
Les meir |
| |
|
 |
21. mai 2012
Kronprinsparet til miljøsenteret fredag
Siste finpussen av programmet er i gang, kvar ein detalj er nøye gjennomtenkt: Det skal bli perfekt når kronprinsparet kjem til Herøy og Runde Miljøsenter fredag. Til og med veret ser ut til å ville spele på lag.
Les meir |
| |
|
 |
26. april 2012
Lyst på søndags- og feriejobb?
Runde Miljøsenter treng engasjerte, blide og imøtekomande personar til å jobbe i utstillingane og kafeen i helgane framover og i sommarferien. Du må like å snakke med folk, og gjerne kunne fleire språk. Ta kontakt om dette er noko for deg, eller om du kjenner nokon som kan vere aktuell.
Les meir |
| |
|
 |
18. april 2012
Fyrfolk
- Fyrhistoria er ein spennande og viktig del av kysthistoria som er altfor lite akta på, seier Heidi Eikremsvik, forfattar, fotograf og journalist frå Sula. Søndag 22. april kjem ho til Runde Miljøsenter og held foredrag om dei som måtte dra frå fyra. Les meir |
 |
11. april 2012
Klippfiskseminar på Klippfiskakademiet
HIFO-Nordvestlandet og Klippfiskakademiet inviterer til heldagsseminar:
Lørdag 14. april, kl. 11.00 – 17.00,
Klippfiskakademiet (Atlanterhavsparken, Ålesund)
Les meir |
| |
|
 |
20. mars 2012
Taremøte ved Runde Miljøsenter 16.-17. april
Rett over påske inviterer Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet til eit særs interessant og viktig møte om taretråling ved Runde Miljøsenter.
Les meir |
| |
|
 |
20. mars 2012
Høgdepunkta i kø på påskeøya Runde
Historievandringar, sildefilm, dans, fotokurs, ornitologar i fjellet og Maria Parr som les frå «Vaffelhjarte»: Høgdepunkta kjem til å stå i kø på Runde i påska, uansett korleis veret blir. Les meir |
| |
|
 |
02. mars 2012
Havets sølv – eit drama i djupet
Eit av verdas største og underlegaste naturfenomen finn vi utanfor Runde og langs Norskekysten. Det har aldri vore filma før. Knapt nokon har sett det. "Havets sølv" er ein storslått film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama. Les meir |
| |
|
 |
29. februar 2012
Minister, sild og torsk
Sild på film og torsk i magen: Det er litt av programmet når fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen kjem til Runde Miljøsenter tysdag 6. mars.
Les meir |
| |
|
 |
22. februar 2012
Påskeøya Runde
Skiføre blir det neppe. Men til påske er våren komen til fugleøya Runde. Då er der igjen eit yrande liv i fuglefjellet, i fjøra og i havet utanfor. I år har også fleire aktørar gått saman om å tilby enno fleire gode opplevingar til dei som vil møte våren på øya. Les meir |
| |
|
 |
20. januar 2012
Nye skattar til miljøsenteret
I januar i fjor henta Runde Miljøsenter heim Rundeskatten frå Bergen. I januar i år har senteret henta skattar i Stavanger. Om alt går etter planen, blir ei ny utstilling klar for publikum til påske. Les meir |
| |
|
 |
15. desember 2011
Bengt-Olof Gustafsson har gått bort
I 1972 var Bengt-Olof Gustafsson ein av dei tre dykkarane som fann Rundeskatten. Søndag døydde han brått og uventa, ei veke før han skulle feire 70-års dagen sin. Les meir |
| |
|
 |
17. november 2011
På tokt for reint sjøvatn
Runde Miljøsenter er ein av aktørane som skal finne ut korleis det står til med vasskvaliteten i Møre og Romsdal. Denne veka er marinbiologane Lise Chapman og Roger Kvalsund på tokt ved Averøya på Nordmøre.
Les meir |
| |
|
 |
17. november 2011
Framtid i fisk
Om dei faktisk vel jobbar i fiskerinæringa når dei blir vaksne, står att å sjå. Men spennande dagar med mykje interessant informasjon fekk dei i alle fall, 10. klassingane som nyleg var ei veke på leir på Runde.
Les meir |
| |
|
 |
15. november 2011
Rundeskatten på TV
Dokumentarfilmen om Rundeskatten er snart ferdig. Torsdag 1. desember blir den vist på NRK1 kl. 19.45
Les meir |
| |
|
 |
11. november 2011
Nominert til "Årets nyskaper"
Runde Miljøsenter er nominert til prisen "Årets nyskaper", som blir delt ut på Sunnmørskonferansen 17. november. Dette er andre gongen senteret er nominert. Les meir |
| |
|
 |
09. november 2011
Ny leiar ved miljøsenteret
Tor Sindre Steinsvik (55) er tilsett som ny dagleg leiar ved Runde Miljøsenter. Han seier det er ei kjempeutfordring, og at han gler seg til å ta fatt.
Les meir |
| |
|
 |
11. oktober 2011
Teatersuksess på miljøsenteret fredag
Teaterframsyninga "Helg" har samla stappfulle hus og hausta latter, tårer og strålande tilbakemeldingar på turneen i Trøndelag. Fredag 14. oktober blir stykket vist i storsalen ved Runde Miljøsenter. Les meir |
| |
|
 |
10.oktober 2011
Vaffelhjarte på TV fredag 14. oktober
Odd Nordstoga las boka "Vaffelhjarte" av Maria Parr for borna sine. Han vart så rørt at han kontakta NRK og bad om å få lage musikken, då han høyrde at boka skulle bli TV-serie. Fredag 14. oktober er det sendestart på NRK Super.
Les meir |
| |
|
 |
06. oktober 2011
Kulinarisk oppleving på Runde
Dei har diskutert og planlagt, valt og valt vekk: Det ligg mykje omtanke bak den spesielle menyen kokkane ved Runde Miljøsenter har komponert til teatergjestane ved senteret den 14. oktober. Les meir |
| |
|
 |
05. oktober 2011
Teater med noko attåt
Det blir godbitar for både kropp og sjel ved Runde Miljøsenter fredag den 14. oktober: Først ei teaterframsyning forankra i kystfolket sin kvardag – og så mat frå den same kysten etterpå. Les meir |
| |
|
 |
27. september 2011
Konferanse i Tallinn om sikker sjøtrafikk: EfficienSea
Fra tirsdag til fredag i forrige uke møttes nærmest 100 delegater fra hele Østersjøområde i Tallinn, Estland for å oppsummere arbeidet med å lage sjøtrafikken mer effektiv og sikker. Les meir |
| |
|
 |
26. september 2011
Menneska og båten
- Der menneska er, der er båten! Men når starta menneska å bruke båt, korleis såg dei ut, og kva vart dei brukte til? Det får dei vite som kjem til Runde Miljøsenter søndag 2. oktober. Roald Sporstøl held det siste søndagsforedraget denne sesongen. Les meir |
| |
|
 |
20. september 2011
Nytt lakseeventyr?
I boka si "Lakseeventyret" fortel forfattar og ihuga laksefiskar Svein Aam m.a. om det eventyrlege fisket i sjøen og elvar som Bondalselva og Ørstaelva på 70-talet. Søndag held han foredrag ved Runde Miljøsenter. Les meir |
| |
|
 |
13. september 2011
Fuglefjellet i fokus
Reinska oteren Skarveura for ungar i år igjen? Har fleire havørnpar hekka på Runde denne sesongen? Søndag kjem Alv Ottar Folkestad til Runde Miljøsenter for å halde foredrag om årets hekkesesong i fuglefjellet. Les meir |
| |
|
 |
09. september 2011
Jazz for miljøet
Laurdag inviterer grendelaget og husmorlaget til Miljørock for andre gong. Ytre Suløens Jass-ensemble sa ja til å halde ein friskluftkonsert som eit handslag til miljøsenteret og arbeidet for meir kunnskap om det som skjer i naturen. Les meir |
| |
|
 |
01. september 2011
Spennande foredrag
Å gjere opp status for årets hekkesesong i fuglefjellet på Runde, er sjølvsagt når Runde Miljøsenter inviterer til søndagsforedrag. Utviklinga av båten frå oldtida til i dag, og kva den har betydd for menneska, er eit anna tema som vil interessere mange. Les meir |
| |
|
 |
22. august 2011
Miljøsenteret på Statsbudsjettet
Runde Miljøsenter får 900 000 kroner over Statsbudsjettet i år. Det fortalde stortingsrepresentant Snorre Valen (SV), medlem i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, då han besøkte senteret i dag.
Les meir |
| |
|
 |
18. august 2011
Garnfangst
Bård Kopperstad fekk meir enn fisk då han fiska ved fuglefjellet på Runde torsdag. Ei lenke gamle torskegarn er no fjerna frå Liafluda.
Les meir |
| |
|
 |
27. juli 2011
Rundeskatten ny turistmagnet på Runde
Norske og utanlandske tilreisande strøymer til for å høyre historia om Rundeskatten og sjå utstillinga ved Runde Miljøsenter. Meir enn 5 000 har vore på besøk sidan opninga i påska.
Les meir |
| |
|
 |
13. juli 2011
Ledig stilling for rett person
Har du eit ryddig hovud,
er god på økonomi og marknadsføring,
har godt humør og erfaring frå kurs-
og konferanseavdelinga på eit hotell? Då er
du kanskje akkurat den personen vi har bruk for. Les
meir
|
| |
|
 |
5. mai 2011
Jubel over støtte
Gleda var stor ved Runde Miljøsenter då meldinga kom om vedtaket i Nærings- og miljøutvalet i fylket: Forskingsavdelinga får nær ein million kroner til utvikling av avdelinga. Les meir |
| |
|
 |
2. mai 2011
Rundeskatten og silda på P1
Dei som var tidleg oppe og høyrde på P1 på radioen søndag 1. mai, fekk lære mykje om rikdommane i havet utanfor Runde. "Naturens Verden" har vore på besøk. Les meir |
| |
|
 |
29. april 2011
Dokumentarfilm om silda
Besøkande ved Runde Miljøsenter blir imponerte over informasjonen dei får om verdas største sildebestand. Fotograf Are Pilskog blei så inspirert at han no lagar dokumentarfilm om havets sølv. Les meir |
| |
|
 |
27. april 2011
Enorm interesse for skatten
Sjølv dei mest optimistiske prognosane viste seg å vere for forsiktige: Nesten to tusen personar besøkte utstillinga av Rundeskatten i påska!
Les meir |
| |
|
 |
14. april 2011
Utstillingsopning med overraskingar
Ein halv million kroner og eit handtak som kan stamme frå Akerendam: Den offisielle opninga av utstillinga av Rundeskatten inneheldt store overraskingar.
Les meir |
| |
|
| Nyheitsarkiv |
|