English   Deutsch

  Hovedside
  Prosjekt
  Pressemateriale
  Om Verksemda
  Om RMS
  Forretningsplan
  Faksimiler
  Visjon
  Bildegalleri
  Byggeprosessen
  Ledig stilling
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Turistinfo
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Forretningsplan

Stasjonen vil ha fire hovudaktivitetar

  • Forskingsstasjon
  • Kontorfellesskap for kystbasert næring
  • Informasjonssenter
  • Vaskestasjon for oljeskadd fugl

Forsking
Forskingsstasjonen vil vere den dominerande aktiviteten i senteret. Stasjonen skal finansierast av prosjektmidlar (eigne prosjekt) og ved å leige ut kontor, mannskap båt og anna utstyr til gjestande forskarar. Inntekter frå desse vil vere den dominerande inntektskjelda.


Forskingsplan (langsiktig overvaking)

  • Meteorologi
  • Oseanografi
  • Vasskvalitet og forureining
  • Sjøfugl: overvaking og beredskap
  • Marin biologi
  • Hardbotns fauna
  • Hardbotns flora – alger, tang og tare
  • Plankton
  • Fisk
  • Sjøpattedyr
  • Flora

Vi har i samarbeid med MRB/Sintef gjennomført ein marknadsanalyse av gjesteforsking. Vi har funne at det er realistisk å rekne med ca. 1500 overnattingsdøgn frå gjestande forskarar. Vi reknar med at kvar forskar betaler i snitt kr 900,- per døgn for overnatting, kontor og tilrettelegging.

Kontorfelleskap for kystbasert næring
For å få til eit aktivt miljø på stasjonen gjennom heile året vil vi invitere lokale kunnskapsbaserte verksemder til kontorfelleskap saman med Runde Miljøsenter AS. Vi reknar med at 3-4 kontorplassar går med til dette formålet.

Informasjonsenter

Senteret skal innehalde:

  • Turistinformasjon
  • Gjestetoalett og garderober
  • Utstillingar
  • Kafeteria (enkel)
  • Suvenirbutikk

Turistinformasjonen skal rettleie besøkande om attraksjonar, overnatting etc. på Runde og på Sunnmøre. Her vil ein òg selge billettar til utstillingsområdet. Frå turistinformasjonen har gjestane fri tilgjenge til kafé, butikk og sanitæranlegg.

Drift av kafeteria, butikk og utstillingar er basert på at salet skal dekke driftkostnadane. Sanitæranlegg er basert på driftstilskot. Herøy kommune har vedtatt å løyve eit årleg tilskot på kr 35.000.
 

Basert på samtalar med kommunen har ein kome fram til fylgjande:

- Sanitæranlegget skal innehalde do, dusj og garderobar.
- Totalt areal skal vere ca. 30-40 kvadratmeter.
- Anlegget skal ha eigen inngang.
- Anlegget skal vere tilgjengeleg fram til normal leggetid

Til inforsenteret har ein kalulert med 7000 betalande gjester per år. Inkludert i dette talet er rekna 1500 skuleborn frå omkringliggande distrikt.

Vaskestasjon for oljeskadd fugl
Vasking av oljeskadd fugl skal gå føre seg i tilknyting til stasjonen sin våtlab-seksjon. Oppbevaring av fugl før og etter vasking skal skje i spesialinnreidde rom eller telt. Stasjonen skal ta imot fugl frå heile landet, men i første rekke frå området mellom Bergen og Lofoten.

Drifta av stasjonen er basert på eit årleg offentleg tilskot for å oppretthalde beredskap og trene mannskap. Ved større ulykker reknar ein med at utgiftene, som ved tidlegare høve, blir dekt av Kystdirektoratet.

Fornybar energi
Forskingsenteret skal arbeide med problemstillingar omkring miljøvennleg og fornybar energi. Dette er eit stadig viktigare tema både regionalt og globalt. Marknaden for ny teknologi innanfor dette området er svært stor, og den er aukande. Vi ynskjer å motivere lokalt næringsliv til å utvikle produkt og teknologi som på lang sikt kan vere med på å oppretthalde aktiviteten innanfor mekanisk industri. Vårt bidrag til denne utviklinga vil vere:

  • Samle grunnlagsdata på bølgjer og straum, vind og temperatur
  • Arrangere konferansar
  • Invitere internasjonale forskarar til å arbeide på Runde
  • Knyte kontaktar mellom forskarar og industri
Søk på nettsidene