|

Velkommen til Runde Miljøsenter
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon,
eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar
og konferansar. Senterbygget er flunkande nytt. Sidan plassen
ligg i eit freda og svært sårbart naturområde,
har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus
på miljøvennleg bygningsmateriale, energieffektivitet,
vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.
Den grunnleggande tanken med forskingssenteret på Runde
er å etablere
infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet,
samt å promotere berekraftig
teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Senteret
skal kunne nyttast av forskarar både frå Noreg
og utlandet, og ein ynskjer å oppnå auka fokus
på dei viktige havområda utanfor Møre,
som er eitt av dei viktigaste gytefelta i norske farvatn.
Senteret skal innhalde kontor, laboratorium og åtte
leilegheiter for gjestande
forskarar. I senteret blir det òg auditorium, kafé
og ei informasjonsavdeling som
skal vise dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet
og samspelet
mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton.
Bygget skal vere energiøkonomisk og byggast som eit
«forbildeprosjekt» i samsvar
med Enova sine reglar. Runde Miljøsenter vil òg
ha ei sjøbud på 600 kvadratmeter
brutto areal med kaianlegg på Runde hamn.
Arbeidet med bygginga av Runde Miljøsenter starta
i september 2007.
Planane for senteret har brei politisk støtte, både
frå Herøy kommune, Regionrådet
og Møre og Romsdal fylke. Næringslivet i regionen
har òg gått inn med betydeleg kapital i
prosjektet.
Om Runde
Runde har det sørlegaste fuglefjellet i Noreg. Øya
ligg i eit svært produktivt havområde som er gytefelt
for fleire av dei viktigaste fiskebestandane våre.
I området ved Runde finn ein fleire viktige miljøtypar,
slik som gruntvassområde, djupe fjordar og kontinentalsokkel.
Kontinentalskråninga ligg om lag 50 kilometer utanfor
Runde og går ned til 3000 meters djup.
Området er hovedgyteområde for Norsk Vårgytande
Sild og er mellom dei aller viktigaste gyte- og oppvekstområda
for sei, hyse og torsk. Egg og larvar driv frå gyteområda
utanfor Runde til oppvekstområda i Norskehavet og Barentshavet.
Naturområda ved Runde er sårbare
og dermed viktige og interessante for forsking.
Ved å bygge opp fasilitetar og infrastruktur for forsking
vil ein kunne gjere regionen
til ein attraktiv lokalitet for fleire forskingsdisiplinar,
slik som til dømes biologi,
oseanografi, meteorologi, forureining og miljøteknologi.
Kontordelen
Denne vil ligge i 2. etasje i den vestlegaste fløya.
Det er rekna inn seks lukka kontor
og ein seksjon med fleire opne kontorplassar for personar
på kortvarig besøk.
Laboratorium (1. etasje)
Laboratoriet skal brukast av gjestande forskarar og faste
leigetakarar. Areala
på til saman 320 m2 vil vere tilpassa gjeldande krav
for laboratorieverksemd.
Laboratoriedelen er delt opp i to seksjonar. Våtlab-delen
skal brukast til skittent
arbeid med bearbeiding av prøver frå sjøen
etc. Der skal vere benkar og vaskar,
og sluk i golvet. Våtlaben går inn som ein del
av vaskestasjonen for oljeskadd fugl.
Tørrlaben vil huse annan lab-aktivitet.
Boligdel
Det er planlagt åtte bustadar à 67 m2. Desse
skal leigast ut til brukarane av
senteret.

Kafé/restaurant
Kafeen er rekna til å kunne servere ca. 60 personar,
men kan ved arrangement
utvidast til ca. 100 personar.
Auditorium
Auditorium skal romme 60–80 personar.
Infosenteret
Aktiviteten i forskingstasjonen skal spegle seg i infosenteret.
Det er etablert eit
forprosjekt for å planlegge innhaldet (utstillingane)
i infosenteret. Prosjektet er
støtta av Møre og Romsdal Fylke og Herøy
Næringsforum.
Infosenteret vil innehalde ulike servicetilbod til besøkande.
Utstillingsdelen vil
fokusere på informasjon om miljø, klima, naturen
på øya, næringslivet i regionen
m.m. Det blir ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725,
og Arisan-forliset,
1992. Informasjon om energisituasjonen regionalt/globalt,
fornybar energi
og klimateknologi vil stå sentralt. Det blir etablert
demo-anlegg for varme og
havenergi. Dette vil vere i samarbeid med industri, forskingsmiljø
og utanlandske
teknologiske institutt.
Kart


Kart over sjøområda
ved Runde.

Gyteområde for hyse (a), sei
(b) sild (c) og torsk (d) (Kilde: Havforskingsinstituttet,
Bergen).
|