English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Ledig stilling for rett person

Har du eit ryddig hovud, er god på økonomi og marknadsføring, har godt humør og erfaring frå kurs- og konferanseavdelinga på eit hotell? Då er du kanskje akkurat den personen vi har bruk for.


Kokken ved Runde Miljøsenter, Rita Bakke, blir ein viktig
medspelar for vår nye kollega.
Foto: Rocco Schwalm, Runde Miljøsenter

Stadig fleire bedrifter og andre leiger lokala til Runde Miljøsenter til ulike arrangement. Derfor har vi behov for å auke staben med ein person som skal ha ansvaret for å drifte kurs- og konferanseavdelinga. Vi ønskjer oss ein positiv og hyggeleg fagperson som vår nye kollega, eit engasjert og miljøbevisst menneske som blir viktig i arbeidet med å utvikle senteret vidare.

Fleksibilitet
Å vere ansvarleg for kurs- og konferanseavdelinga inneber hektiske periodar innimellom, med både kvelds- og helgearbeid. Økonomistyring, marknadsføring og kontakt med noverande og potensielle kundar og gjester blir også ein viktig del av jobben.

I vekst
I dag har Runde Miljøsenter 10 tilsette, fordelt på forsking, informasjon, kurs/konferanse/ kafé og utleige av leilegheiter. Vi er ein liten og entusiastisk stab med store mål, og det gode arbeidsmiljøet er avgjerande for å lukkast.

Vi du bli ein av oss, og meiner du har dei rette kvalifikasjonane? Ikkje nøl med å sende søknaden din. Fristen er 13. august 2011. Har du lyst til å vite meir om stillinga, kontakt dagleg leiar Nils-Roar Hareide på telefon 70 08 08 10/41 29 11 07. E-post: nilsroar@rundecentre.no .


SØK
Brosjyre - Runde Miljøsenter