English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 


Presentasjon frå


Foto og illustrasjon: Knut Werner Alsén

Vakuumtoalett på Runde Miljøsenter

Jets er eit norsk konsern med base på Hareid, ikkje langt frå Runde Miljøsenter. Bedrifta vart etablert i 1986 etter at grunnleggaren Olav Hofseth fann opp ein revolusjonerande pumpeteknologi for vakuumsystem.

Sidan den gong har Jets erobra over halve verdsmarknaden for vakuumtoalett til skip. Tidleg på 90-talet vart vakuumsystema også tekne i bruk i bygningar på land. Både i det maritime og på land har ein stor nytte av vakuumtoaletta sitt låge vassforbruk på ned mot 0,5 liter, og av at kloakkvolumet blir redusert med 80-90%.

Med dotterselskap og avdelingar i Asia og Europa, samt eit globalt forhandlarnettverk som leverer vakuumsystema frå Sunnmøre til heile verda, har Hareidsbedrifta Jets lenge vore internasjonal. Men nyskaping og vidareutvikling av vakuumteknologien og tilhøyrande produkt som t.d. renseanlegg skjer framleis i hovudsak på Hareid - og då gjerne i samarbeid med forskingsmiljø som Runde Miljøsenter, Universitetet for Miljø- og Biovitenskap, og andre aktørar som er leiande på sine felt.

Til Runde Miljøsenter har Jets levert eit sanitæranlegg som er meir omfattande enn det ein ser ved første augekast - det vil seie når ein brukar toaletta. Ein pumpestasjon med to av Jets sine eigenutvikla pumper er plassert i første etasje i hovudbygget. Denne stasjonen lagar vakuum i rørsystemet og transporterer avfall frå Jets-toaletta i både hovudbygget, leiligheitene som er tilknytt senteret, og i eit nabobygg med fem baderom.

Det at ein enkelt pumpestasjon betjener alle desse toaletta i fleire bygg er mogleg fordi vakuumsystemet ikkje treng gravitasjon for å fungere, i motsetnad til vanlege toalett. Kloakken kan fraktast horisontalt gjennom røra frå toaletta - eller til og med oppover!

Den høgkonsentrerte kloakken frå vakuumanlegget blir pumpa frå hovudbygget ut til ein utandørs oppsamlingstank. Kloakken er ein energiressurs sidan den er så lite utvatna, og det er planlagt å utnytte denne ressursen i form av biogass til oppvarming. På den måten kan elektrisitetsforbruket reduserast. Eller sagt med andre ord: det gjer kretsløpsteknologi mogleg i praksis.

Jets har også skaffa seg areal ved Runde Miljøsenter for å kunne gjere framtidige utvidingar, sidan anlegget og fasilitetane ved senteret egnar seg svært godt til forskings- og utviklingsarbeid knytt til mellom anna kloakkhandtering. For Jets er Runde Miljøsenter langt meir enn ein kunde - det er ein partner som er og blir viktig for å ligge i forkant av utviklinga.

Brosjyre: Jets på Runde

www.jetsgroup.com
post@jets.no

        
Toalett frå Jets ved Runde Miljøsenter. Foto: Knut Werner Alsén

SØK

LEVERANDØRANE VÅRE