 |
Miljøpris til
Runde Miljøsenter
Prisen vart delt ut av fylkesordfører Olav Bratland under første
dag av fylkestingets samling i Geiranger. Det er første gong prisen
delast ut. Les meir
|
| |
|
 |
Oppsummering av International
Coastal Cleanup - 19. september på Runde
Den internasjonale aksjonen ”International
Coastal Cleanup” (ICC) blir kvart år organisert
av ”Ocean Conservancy International”. I
fjor deltok nesten 400.000 frivillige frå meir
enn 100 land i denne strandsoneoppreinsinga. Det er
den 24. gongen aksjonen blir sett i verk, og i år
vil Runde Miljøsenter ta del. Les meir
|
| |
|
 |
International Coastal
Cleanup - 19. september på Runde
Den internasjonale aksjonen ”International
Coastal Cleanup” (ICC) blir kvart år organisert
av ”Ocean Conservancy International”. I
fjor deltok nesten 400.000 frivillige frå meir
enn 100 land i denne strandsoneoppreinsinga. Det er
den 24. gongen aksjonen blir sett i verk, og i år
vil Runde Miljøsenter ta del. Les meir
|
| |
|
 |
Uventa møte med
storkval i indre Herøy
Tirsdag 4. august var Annelise Chapman, Roger Kvalsund og Oliver Hofmann
frå Runde Miljøsenter ute på rutineoppdrag. Dei samla
inn hydrografidata i "Den
grøne korridor" mellom Grasøyane og Selvågdjupet
vest av Eika. På heimveg tilbake til Runde stod dei som biologar
flest speidande etter interessante observasjonar. Brått vart dei
var ein storkval som var oppe og bles i området mellom Kriksholmen
og Røyralykta på sørsida av Dimna. Les
meir
|
| |
|
 |
Fjørevandring
på Runde
På ei vandring langs fjøra på Runde kan du oppdage mangfaldet
på havbotnen etter at havet har trekt seg tilbake. Saman med biologar
frå Runde Miljøsenter lærer du om det mangfaldige økosystemet
der fisken til vanleg sym. På fjørevandringa møter
du, og kan helse på dei "tøffaste" dyra og plantene
langs fjøra. Turen passer for både store og små. Turen
varer om lag 2 timar. Les meir
|
| |
|
 |
Fosnavågkonferansen
2009 på Runde Miljøsenter
Torsdag 18. juni
Fosnavågkonferansen 2009 skal arrangerast på Runde Miljøsenter
torsdag 18. Juni. Konferansen er arrangert av Herøy Næringsforum.
Det blir høve til omvisning i bygget for deltakarane. Programmet
tar utgangspunkt i finanskrise, miljø og nye muligheiter. Program
(PDF)
|
| |
|
 |
Vellykka ministerbesøk
Det var eit vellykka besøk av Miljø- og utviklingsminister
Erik Solheim på Runde Miljøsenter måndag 11. mai. Statsråden
kom til Runde i kystvaktskipet "Njord", saman med dagleg leiar
Nils-Roar Hareide, ornitolog Alv Ottar Folkestad og fylkesmann Ottar Befring. Les meir
|
| |
|
 |
Energisparing i Runde
Miljøsenter: ENOVA Forbildeprosjekt
Runde Miljøsenter skal vere energioptimalt og har blitt eit forbildeprosjekt
hos Enova. Bygget skal ha eit energiforbruk under halvparten av det normale
for næringsbygg. Dette skal realiserast gjennom bruk av tilgjengeleg,
utprøvd teknologi, slik at løysingar og resultat kan overførast
til dei fleste typar næringsbygg. Les meir
|
| |
|
 |
”Frå vogge til
vogge” på Runde
Runde Miljøsenter profilerer Runde som berekraftig øysamfunn
i eit EU-prosjekt. Øya Runde og miljøsenteret vil vere showcase
for berekraftige metodar som kan bli modellar for andre øyar over
heile verda. Les meir |
| |
|
 |
Klart for bølgjeenergi-prosjekt
på Runde
Prosjektet MAREN (bølgjekraftverk) er snart
klart for utprøving på Runde. Det vart gitt
konsesjon i desember 2008. Prosjektet er eit samarbeid
med det svenske energiselskapet Vattenfall og Tussa Kraft. Les meir |
| |
|
 |
RMS er med på EfficienSea
EfficienSea er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt om sjøtryggleik
og miljø. Dei norske deltakarane er Kystverket, Møre og Romsdal
fylke, Norwegian Centre of Expertice (NCE) Maritime i Ålesund og Runde
Miljøsenter. Prosjektet handlar om å auke tryggleiken til sjøs
og bevare eit berekraftig miljø. Les meir |
| |
|
 |
Forvaltingsplan for Norskehavet
- høyringskommentar frå RMS
Runde Miljøsenter sende inn kommentar på nokre av høyringsrapportane
til Forvaltingsplan for Norskehavet til Direktoratet for Naturforvalting.
Vi kommenterte særskilt på rapportane om petroleumsverksemd/energi
og ytre påverknad. Les meir |
| |
|
 |
Miljøpris til Nils-Roar
Hareide
Nils-Roar Hareide er dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, og vart 12.
august 2008 tildelt Fiskeridirektoratet sin miljøpris for arbeidet
med oppreinsking av såkalla spøkelsesgarn. Les meir |
 |
12.02.2010
Søndagsopen kafé
på Runde Miljøsenter 14. februar, 13:00–18:00
Runde Miljøsenter markerer at det er kome
sild i store til Sunnmøre. Fyrstkomande søndag
blir det servert steikt sild i kafeen. Forskar Nils-Roar
Hareide vil halde foredrag om silda kl 15:00. Les
meir |
| |
|
 |
11.11.09
Runde Miljøsenter
får Møre og Romsdal fylkes Miljøpris
for 2009
- Den lokale forankringa, fokuset på den
sårbare Mørekysten og forskinga på
bølgjekraft er viktige grunner til at vi meiner
Miljøsentret fortener prisen, seier leiar Steinar
Reiten i Miljøutvalet i Møre og Romsdal
til NRK. Les meir
|
| |
|
 |
26.11.09
Fylket løyver 2,6
mill. kroner til Runde miljøsenter
Løyvingane gjer at det kan bli etablert
eit kompetansesenter ved Runde Miljøsenter frå
1. januar 2010. Les
meir på Vikebladet sine nettsider.
|
| |
|