| Djupvassfisk
både som fag og på fat 03.
november 2010

Djup konsentrasjon i auditoriet. Dagleg leiar
Nils-Roar Hareide fortalde om forskinga si på fisket
av djupvassfisken orange roughie. Foto: Runde Miljøsenter
Faglege diskusjonar, utveksling av erfaringar, bli kjent
med kollegaer, få god mat - og litt fysisk fostring:
Forskarar frå Havforskingsinstituttet, Møreforsking
og Runde Miljøsenter har hatt faggruppesamling over
to dagar på Runde – og dei har brukt tida godt.
Forskarar som har djuphavsfisk som spesialfelt let seg
ikkje stoppe av litt regn og vind. Ein tur til Rundebranden
og Lundeura er obligatorisk når ein først
er på Runde i to døgn. Men det meste av tida
har forskarane jobba i auditoriet på senteret.
Kollegaer
Det er altså djupvassfisk det handlar om: Blåkveite,
kveite, vassild, og også andre seintveksande artar
som pigghå og skater. Til dagleg held forskarane
til på ulike stader i landet, ved Havforskinga sine
avdelingar i Tromsø, Bergen og Flødevigen
ved Arendal. I tillegg er forskarar frå Møreforsking
i Ålesund og Runde Miljøsenter med på samlinga
i år, som for første gong er lagt til Runde.
Møteplass
Den årlege faggruppesamlinga er ein viktig møteplass,
både fagleg og sosialt. Og det å kome seg ut
av kontora og møtest over fleire dagar gir inspirasjon
og utveksling av kunnskap som er viktig for langt fleire
enn forskarane sjølve. Det er deira arbeid som langt
på veg avgjer kor mykje det blir lov å fiske
av dei ulike artane. På årets samling førebur
dei seg også til det internasjonale møtet
om blåkveite i februar.
- Det viser seg at blåkveita veks mykje saktare,
formerer seg seinare og blir mykje eldre enn det vi trudde
tidlegare, forklarer gruppeleiar Ole Thomas Albert. Dette
med å bestemme alderen på fisk er eit hovudtema
på fagsamlinga. Det er ikkje så enkelt som
berre å telje årringane i øyresteinane
på fiskane. Både fordi det slett ikkje er all
fisk som har øyrestein, og fordi ein må bli
samde om kva for årringar som skal teljast. For årringane
veks heile tida, heilt ned til dagnivå. Ulike påverknader
utanfrå kan vise att på øyresteinane.
Til dømes viser atomprøvesprengingane på 50-
og 60-talet att hos fisk som levde på den tida. Dette
kan brukast til å avgjere kva som er rette måten å tolke årringar
på.
Berekraftig fiske
Å
kunne bestemme alder hos fisk er grunnleggande for å kunne
seie noko sikkert om vekst, kjønnsmodning og dødelegheit.
Ny kunnskap om artane det blir fiska på er avgjerande
for å nå målet om berekraftige fiskeri.
Eit døme er det store fisket etter pigghå som
gjekk føre seg tidlegare. No veit forskarane at
pigghå formerer seg veldig seint. Ho brukar to år
på å utvikle fostera, og føder berre
nokre få levande ungar. Dei drektige hoene held
seg i lag store stimar, og det var desse stimane det
tidlegare vart fiska på i stor stil.
- Det fekk store følgjer for bestanden, når
både hoene og ungane som skulle blitt fødde
vart fiska opp, forklarer Albert. I dag er pigghå på raudlista
over truga artar, og berre eit avgrensa fiske er tillate.
Sjeldan
mat
- Runde Miljøsenter har fungert perfekt, dette er
ein flott stad å ha ei slik samling, seier Albert.
Festmiddagen skuffa ikkje den heller: Sjølv for
ekspertar på djupvassfisk er det ikkje kvardagskost å bli
servert suppe med grilla tunfisk, kveite og brun havmus!

Det var god stemning då forskarane frå dei ulike avdelingane til
Havforskingsinstituttet møttes til faggruppesamling på Runde Miljøsenter
i Møre og Romsdal. Foto: Runde
Miljøsenter
|