|

Samstemt hyllest til naturen
30. mars 2011
Korsong, dyrehistorier og Rundeskatten: Det blir både stemningsfullt, morosamt og interessant når våren og naturen skal feirast ved Runde Miljøsenter laurdag 2. april.
Svein Eiksund er mannen bak arrangementet Rundesamklangen, som vart arrangert for første gong i storsalen ved miljøsenteret i fjor. Det vart så vellukka, at han igjen har samla fire kor som saman og kvar for seg skal framføre songar som handlar om havet og kystnaturen.
Kystnære
Dei fire kora som er med i Rundesamklangen i år, er Con Moto frå Ulsteinvik, Taretausene frå Godøya, Brandalskoret og Runde blandakor. Kvart av kora skal synge tre eigne songar, som alle på eitt eller anna vis har med naturen å gjere. Den store finalen blir når alle songarane slår seg saman i "Rundskuekoret", og mellom anna framfører "Ut mot havet" av Edvard Fliflet Bræin.
Noko attåt...
Ein annan ingrediens denne kvelden blir dyrehistorier, henta frå bøkene med historier frå Naturtelefonen i NRK Møre og Romsdal. Og etter konserten kan både korsongarar og publikum få sjå utstillinga av Rundeskatten til redusert pris. Det blir også høve til å kjøpe seg kaffi og kaker i kafeen.
|