English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Dåp av undervassfly

28. september, 2010


Dåp av undervassfly. På biletet er Tora Aasland og oseanograf Henrik Søiland frå Havforskingsinstituttet, med skipper Arne Sævik i forgrunnen. Foto: BA

I samband med forskingsdagane var det ein seremoni i Bergen fredag 23. september, det eit undervassfly av same type som dei som skal nyttast frå Runde vart "døypt" av forskingsministeren.

Seremonien gjekk føre seg i Byfjorden, om bord i "Lophelia" som var i Bergen i høve dagen. På biletet ser vi undervassfarkosten i det den er i ferd med å bli sjøsett etter dåpen, den foretok deretter eit kort dykk før den vart henta inn. På biletet er Tora Aasland og oseanograf Henrik Søiland frå Havforskingsinstituttet, med skipper Arne Sævik i forgrunnen. Lars G. Golmen var og med på toktet, saman med Peter Haugan frå universitetet i Bergen som leiar NACO prosjektet, og eit lite følgje frå departementet.

Les meir om undervassflyet

SØK

Havovervakingsprosjektet