English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

International Coastal Cleanup
19. september på Runde

Den internasjonale aksjonen ”International Coastal Cleanup” (ICC) blir kvart år organisert av ”Ocean Conservancy International”. I fjor deltok nesten 400.000 frivillige frå meir enn 100 land i denne strandsoneoppreinsinga. Det er den 24. gongen aksjonen blir sett i verk, og i år vil Runde Miljøsenter ta del.

Vi inviterer folk frå Runde og omliggande øyar å være med!
Vi møtast ved Runde Miljøsenter den 19. september kl. 15.00.

Søppelet vi plukkar vil etterpå bli sortert ved Miljøsenteret. Ein viktig del av Coastal Cleanup er at alt søppel blir sortert og analysert, og det vil difor bli noko å lære om både fjærebiologi og resirkulering for alle som tar del. Over heile verda vil det denne dagen bli samla inn data om søppel, og dette vil danne grunnlaget for ein global rapport om søppel i havet.

På Runde er det ein tradisjon å rydde i strandsona, men nytt av året er at tradisjonen kan gå inn denne globale aksjonen. Søppelet vi finn blir henta gratis av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

For meir info ta kontakt med:
Dorothea : 95 00 65 73, dorothea@rundecentre.no
Katharina : 45 78 10 90, katharina@rundecentre.no


SØK

Pressemelding

Plakat