English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 


Fjørevandring blir arrangert 3-4 gongar kvar veke sommaren 2009. Foto: Knut Werner Alsén, Runde Miljøsenter.

Fjørevandring på Runde
På ei vandring langs fjøra på Runde kan du oppdage mangfaldet på havbotnen etter at havet har trekt seg tilbake. Saman med biologar frå Runde Miljøsenter lærer du om det mangfaldige økosystemet der fisken til vanleg sym. På fjørevandringa møter du, og kan helse på dei "tøffaste" dyra og plantene langs fjøra. Turen passer for både store og små. Turen varer om lag 2 timar.

Kva får du vite meir om?
Flo og fjøre • Kor gamal kan ei alge bli? • Meitemakk og sauer i havet • Sagn og historier om dyr, tang og tare • Det økologiske dyre- og plantesystemet i fjøra på Runde.

Turen starter ved Runde Miljøsenter. Billettar kan du kjøpe ved turistinformasjonen på senteret, eller du kan bestille via telefon (90 18 34 55). Maks 25 personar (første mann til mølla). Ta på vind- og vasstette klede og helst gummistøvlar.

Det vil vere fjøreturar ca. 3-4 gongar kvar veke utover sommaren. Ring 90 18 34 55 for å få vite meir.

Fjørevandringar, august 2009

dag

dato

start

Søn

02. august

14:30

Tys

04. august

15:45

Ons

05.august

16:15

Fre

07. august

17:30

Laur

15. august

11:00

Søn

16. august

12:30

Man

17. august

13:45

Tys

18. august

14:45

Tors

20. august

16:30

Laur

29. august

11:30

Søn

30. august

13:00

Man

31. august

14:00

 

Oversyn over Fjørevandringar, juli 2009

Dag

Dato

Start

Tors

09. Jul 09

17:45

Fre

10. Jul 09

18:15

Fre

17. Jul 09

11:30

Lør

18. Jul 09

12:45

Søn

19. Jul 09

14:00

Tirs

21. Jul 09

16:00

Ons

22. Jul 09

16:45

Tors

23. Jul 09

17:30

Tors

30. Jul 09

11:00

Fre 31. Jul 09 12:15
SØK

Brosjyre om fjørevandring

Artikkel i Sunnmørsposten