|

Framtid i fisk
17. november 2011
Om dei faktisk vel jobbar i fiskerinæringa når dei blir vaksne, står att å sjå. Men spennande dagar med mykje interessant informasjon fekk dei i alle fall, 10. klassingane som nyleg var ei veke på leir på Runde.
Opplæringskontoret for fiskerinæring og sjøfart (OKFisk) arbeider med å informere om alle dei spennande jobbane som finst innan fiskeri- og havbruksnæringane. Ei veke i oktober var 18 ungdommar frå heile Søre Sunnmøre inviterte til leir på Runde. Basen sin hadde dei på Runde Kystleirskule, med dagar fullspekka av opplevingar. Mellom anna stod både fisketur, bedriftsbesøk og redningsøving på programmet.
Ein av dagane var sett av til besøk ved Runde Miljøsenter. Her fekk elevane både informasjon om det unike naturområdet Runde er ein del av, dei fekk høyre historia om og sjå utstillinga av Rundeskatten, og dei fekk prøve seg som forskarar i laboratoriet.

Deltakararne samla utanfor Runde Miljøsenter. Foto: Stein Arne Lilleøy, Vestlandsnytt
|