|

Nye skattar til miljøsenteret
20. januar 2012
I januar i fjor henta Runde Miljøsenter heim Rundeskatten frå Bergen. I januar i år har senteret henta skattar i Stavanger. Om alt går etter planen, blir ei ny utstilling klar for publikum til påske.
Storparten av Rundeskatten var lagra i kvelv og på loft hos Bergen Sjøfartsmuseum i nesten 40 år, før Runde Miljøsenter i januar 2011 henta skatten heim til Runde og laga utstilling av den. Den nye attraksjonen opna til påska i fjor, og har blitt ein stor suksess.
No er senteret i ferd med å skape ein attraksjon i tillegg: Ei spektakulær utstilling av sjøfugl, som også skal vise samspelet i naturen mellom fugl, fisk og havstraumar.
Til glede for folk
Stavanger Museum har i mange år hatt ei stor naturhistorisk utstilling, som også omfattar sjøfugl og eit fuglefjell. Dei måtte no vike plassen for Norsk barnemuseum, og planen var å plassere dei utstoppa fuglane på lageret. Det visste Olav Runde, som er med i faggruppa for den nye sjøfuglutstillinga ved Runde Miljøsenter. Han var sjef for ringmerkingsavdelinga ved museet i over 30 år før han pensjonerte seg, og har framleis god kontakt med den tidlegare arbeidsplassen sin.
Han lufta tanken om heller å deponere samlinga hos Runde Miljøsenter, og møtte berre velvilje: Alle var samde om at det er mykje betre at publikum får glede av fuglane på Runde enn at dei skal stå bortgøymde på eit mørkt lager. Dermed kasta miljøsenteret om på planane for sjøfuglutstillinga som var under arbeid. No er ei ny utstilling designa, skreddarsydd for samlinga frå Stavanger. Og den inkluderer også eit kunstig fuglefjell.
Vel framme
Fredag formiddag den 20. januar svinga bilen med den skjøre lasten inn ved miljøsenteret. Det var eit ansvarsfullt oppdrag å hente denne unike samlinga og frakte den heilt frå Stavanger til Runde vinterstid, så det var ein erfaren sjåfør som fekk jobben.
Utpakkinga starta med ein gong, og det ser ut til at alle dei utstoppa fuglane har tolt transporten godt. No kjem arbeidet til å gå for fullt framover, for å nå målet om utstillingsopning til påske.
Arbeidet med etableringa av den nye utstillinga er finansiert av Miljøverndepartementet og Herøy næringsforum.

Bilen med fuglane er trygt framme ved Runde Miljøsenter. Foto: Martin Jung Leine

Samlinga inneheld mange fine eksemplar - her sjølve ikonet: Lundefuglen. Foto Suel Kassembo.

May Britt Haukås med ei havsule i stup, eit sjeldant fint eksemplar. Foto: Martin Jung Leine

Det er mange fine detaljar i det kunstige fuglefjellet frå Stavanger museum. Foto: Suel Kassembo

Olav Runde fekk fugleutstillinga frå Stavanger museum til Runde. Foto: May Britt Haukås

Det spektakulære lokalet på Runde Miljøsenter blir ramma rundt fugleutstillinga. Foto: Martin Jung Leine
|