|
Miljøpris til Runde Miljøsenter

Fra venstre: Fylkesordførar Olav Bratland, leiar Steinar
Reiten i Miljøutvalet i Møre og Romsdal, Nils-Roar
Hareide,Greta Garnes og Lars Golmen. Foto: Vidar Myklebust,
MR fylke.
Prisen vart delt ut av fylkesordfører Olav
Bratland under første dag av fylkestingets samling
i Geiranger. Det er første gong prisen delast ut.
– Vi er svært stolt, og dette er ein stor inspirasjon
i det vidare arbeidet, sa Nils-Roar Hareide da han takka fylkestinget
for prisen.
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon,
eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar
og konferansar.
Den grunnleggande tanken med forskingssenteret er å
etablere infrastruktur for overvaking og forsking på
miljøet, samt å promotere berekraftig teknologi
innan fiske, fangst og energiproduksjon. Senteret skal kunne
nytast av forskarar både frå Noreg og utlandet,
og ein ynskjer å oppnå auka fokus på dei
viktige havområda utanfor Møre, som er eitt av
dei viktigaste gytefelta i norske farvatn. Senteret har fått
brei politisk støtte.
Miljøprisen skal delast ut kvart år til ein
person, bedrift eller organisasjon som har gjort ein særlig
fortenestefullt arbeid innanfor områda berekraftig utvikling,
klima, alternativ og fornybar energi, forureining og biomangfald.
Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå
Møre og Romsdal og ein sjekk på 15000 kronar.
|