English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 


Statssekretær Heidi Sørensen (i midten) i Miljøverndepartementet tok godt imot Ingrid Opedal frå Møre og Romsdal SV (t.h.) og May Britt Haukås frå Runde Miljøsenter.

God dialog

13. januar 2011

- Runde Miljøsenter står for så viktige oppgåver at det offentlege må bidra økonomisk. Det seier Ingrid Opedal i Møre og Romsdal SV. Ho tok initiativet til eit møte i Miljøverndepartementet der løyvingar til miljøsenteret var tema.

Å få offentlege midlar er inga enkel sak. Det er mange om beinet, og mange gode formål som treng statlege løyvingar. Derfor tok Ingrid Opedal initiativet til eit møte med statssekretær Heidi Sørensen og to av rådgjevarane i Miljøverndepartementet for å tale Runde Miljøsenter si sak. Med på laget hadde ho også stortingsrepresentant Svein Gjelseth frå Ap, og May Britt Haukås frå miljøsenteret.

Å formidle kunnskap om dei rike ressursane og det sårbare økosystemet i havet på Mørekysten er ei av dei viktigaste oppgåvene ved Runde Miljøsenter. I hovudsak skjer det gjennom foredrag for besøkande. Men det blir også arbeidd med å bygge opp eit stort informasjons- og utstillingssenter. Her blir Rundeskatten og modellen av den forliste seglskuta Akerendam viktige attraksjonar, men senteret skal også vise samspelet mellom havstraumar, planktonoppblomstring, sild og annan fisk, og følgjene det har for livet på og ved fuglefjellet. Los- og fyrhistorie, forlis, oljeforureining og energi frå havet blir andre tema.

Informasjons- og utstillingssenteret er kostnadsrekna til 10 millionar kroner, og er avhengig av eit spleiselag mellom det offentlege og næringslivet for å bli realisert. Om Miljøverndepartementet kan bidra med løyvingar står att å sjå, men etter møtet er Ingrid Opedal svært optimistisk:
- Dette var eit uvanleg hyggeleg og nyttig møte, eg syns vi fekk svært positive signal, seier ho.

SØK