|
Gratis søndagsforedrag på Runde
Miljøsenter
06. september 2010

Alv Ottar Folkestad held gratis søndagsforedrag
12. september 2010. Foto: Stig Morten Waage
Korleis var årets hekkesesong i fuglefjellet på Runde?
Fekk lundefuglen fram ungar i år? Går det framleis
nedover med krykkjebestanden? Og er det sant at i år
er første gongen på 30 år at eit havørnpar
har hekka på Runde? Ornitolog Alv Ottar Folkestad dreg
i gang haustsesongen med gratis søndagsforedrag ved
Runde Miljøsenter komande søndag.
Runde Miljøsenter har som mål å tilby
eit gratis foredrag eller aktivitet dei fleste søndagane
utover hausten. Status etter årets hekkesesong i fuglefjellet
er tema for det første foredraget, og sjølvsagt
er det Alv Ottar Folkestad som er invitert til å dele
kunnskapane sine med dei som kjem for å høyre
på.
Sterke band til Grønland
Søndagen etter, den 19. september, startar ein serie
på tre foredrag om Grønland. Nils-Roar Hareide
og Greta Garnes vil fortelje og vise bilete frå Ammassalik
kommune på Aust-Grønland, der dei arbeidde med
fiskeriundersøkingar i 1994. Møta med folk
og natur i dette vesle samfunnet ga dei mange sterke inntrykk,
som dei vil dele med publikum.
Dei siste hedningane
Sterke historier blir det også når Pipaluk Rosing
kjem til senteret søndag 26. september. Oldefaren
hennar, Christian Rosing, stod for kristninga av dei siste
grønlendarane som ikkje hadde høyrt om kristendommen
før, og også bestefaren hennar var prest i Tasiilaq
i mange år. Far hennar vart fødd i prestebustaden,
som framleis står i byen.
Ho vil også fortelje om sine eigne opplevingar, som
deltakar i eit reint kvinnelag i Arctic Team Challenge som
konkurrerte mot herrelag i eit av verdas tøffaste
løp. Laga sykla i terreng, padla kano, klatra i fjelltoppar
og kryssa enorme isbrear. Det vart laga ei to-timars dokumentarfilm
om kvinnelaget, som er vist i beste sendetid både på dansk
og norsk TV. Pipaluk Rosing har sjølv mange bilde
og filmopptak frå dette løpet, som ho vil vise
delar av under foredraget sitt.
Frå steinalder til moderne
sivilisasjon
På Sør- og Vest-Grønland har befolkninga
hatt kontakt med europearane i over tusen år. Men at
det levde folk på Aust-Grønland også,
vart først oppdaga i 1884. Livet på steinaldervis
heldt likevel fram der, også etter at Danmark oppretta
den aust-grønlandske kolonien i Ammassalik-området.
Men på 1940-talet vart det vesle samfunnet brutalt
kasta inn i vår moderne tid.
Dette er tema for det tredje foredraget om Aust-Grønland,
den 3. oktober. Liesbeth Ten Cate har studert kultur og reiseliv
i området, og ho vil fortelje om naboane våre,
som var perfekt tilpassa det arktiske livet.
Havenergi og forlis
Dei andre søndagsforedraga i oktober vil mellom anna
handle om berekraftig energi frå havet, og kor farleg
havet kan vere. Leiar i Kompetansesenteret for havenergi
ved Runde Miljøsenter, Martin Jung Leine, vil den
17. fortelje om det store potensialet for å hente ut
fornybar energi frå havet, både gjennom bølgje-,
tide- osmose- og termiske kraftverk.
Forfattar Ole M. Ellefsen har skrive fleire bøker
om tragiske ulykker og forlis langs kysten. Han kjem til
Runde Miljøsenter den 31. oktober for å fortelje
om nokre av dei.
Alle foredraga startar kl. 15 og er gratis for publikum.
Kafeen i miljøsenteret vil vere open frå kl.
13 med sal av middag, kaffi og kaker.
|