English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Fuglefjellet i fokus

13. september 2011

Reinska oteren Skarveura for ungar i år igjen? Har fleire havørnpar hekka på Runde denne sesongen? Og kvifor fekk ikkje lundefuglane fram ungar i år heller? Søndag kjem Alv Ottar Folkestad til Runde Miljøsenter for å halde foredrag om årets hekkesesong i fuglefjellet.

Fuglefjellet på Runde er det sørlegaste i Skandinavia, eitt av dei mest artsrike, og det einaste sør for Træna med lundefugl. I fjor var det fullt i auditoriet ved Runde Miljøsenter då Alv Ottar Folkestad gjorde opp status for sesongen i fuglefjellet. Det bør det bli komande søndag, den 18. september, også. For det manglar ikkje på ting å spekulere på.

Mystisk død

I naturen er ingen ting statisk, og sjølv Folkestad, som har brukt store delar av livet sitt til å studere fuglefjellet, kan bli overraska. Det skjedde til dømes i fjor, då alle ungane i Skarveura forsvann over natta på mystisk vis. Forklaringa viste seg å vere ein oter som hadde oppdaga at nyklekte skarvungar var snadder – trass i at oteren normalt ikkje jaktar på land. Har same oteren vore på ferde i år, og har han lært bort teknikken til andre?

Havørn

I fjor var første gongen på 80 år at eit havørnpar hekka på Runde, og dei fekk fram ein unge. Kom dei att i år? Og har fleire prøvd seg med reir på øya i staden for inne på fastlandet? Alv Ottar Folkestad har studert havørn i ein mannsalder, og har personleg kjennskap, om ikkje vennskap, med dei fleste, og veit kvar dei held til.

Fuglar i vanskar

Bestandane av havørn, havsule og storjo ser ut til å klare seg godt. Men kva er det eigentleg som skjer med lundefuglane, havhesten og krykkjene? Utviklinga har på langt nær vore like god for desse bestandane siste åra. Kvifor er det slik, kva er følgjene og korleis er framtidsutsiktene for desse bestandane?

Desse, og mange andre spørsmål, får dei svar på som kjøper billett til foredraget ved Runde Miljøsenter kl. 15 komande søndag. Billett til foredraget kostar 50 kr, og dette er det første av to søndagsforedrag denne hausten.

Båten og mennesket

Søndag 2. oktober kjem Roald Sporstøl for å fortelje om kva båten har betydd for menneska frå oldtida til i dag, og korleis den har blitt utvikla til mange ulike bruksområde. Utstillinga av Rundeskatten og kafeen blir sjølvsagt også opne desse to søndagane, som førebels er dei einaste før jul der miljøsenteret har planlagt å halde søndagsope.

SØK