|

Menneska og båten
26. september 2011
- Der menneska er, der er båten! Roald Sporstøl slår fast det som er sjølvsagt for folk som lever langs kysten. Men når starta menneska å bruke båt, korleis såg dei ut, og kva vart dei brukte til? Det får dei vite som kjem til Runde Miljøsenter søndag 2. oktober. Roald Sporstøl held det siste søndagsforedraget denne sesongen.
Roald Sporstøl er arkitekt av yrke, men levande oppteken av historie, og ein krumtapp i det meste som har med formidling av historie å gjere i Herøy. Mellom anna var han styreleiar i Herøy Kystmuseum i mange år. Og han er ein drivande dyktig og engasjert foredragshaldar.
- Eit samfunn som ikkje tek vare på historia si, er som eit tre utan rot, seier han.
Frå oldtida til i dag
Å vere interessert i båtar er ikkje unaturleg for ein som er oppvaksen i Dragsund. Men Sporstøl sine kunnskapar går mykje djupare enn hos dei fleste andre båtinteresserte. I fordraget sitt tek han for seg utviklinga av båten frå oldtida og fram til i dag, han fortel om korleis menneska har utvikla båtar til mange ulike formål, med ulike typar reiskapar og materiale.
- Menneska og båten heng saman i historia til landet vårt, seier Sporstøl. I foredraget ved Runde Miljøsenter komande søndag kl. 15 deler han kunnskapane sine om båten sin sentrale plass i historia vår gjennom 11 tusen år.
Middag og skatt
Kafeen ved Miljøsenteret og utstillinga av Rundeskatten er opne også denne søndagen. Billettar til foredraget og til utstillinga er til sals i kafeen.
|