English   Deutsch

  Hovedside
  Prosjekt
  Pressemateriale
  Om Verksemda
  Om RMS
  Forretningsplan
  Faksimiler
  Visjon
  Bildegalleri
  Byggeprosessen
  Ledig stilling
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Turistinfo
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Havørndag på Runde Miljøsenter Palmesøndag

Alv Ottar Folkestad i konversasjon med havørner. Fotograf: Roger Engvik, Sunnmørsposten

24.03.2010
Palmesøndag 2010 klokka 15:00 held ornitolog Alv Ottar Folkestad eit spennande fordrag om Havørn.

Det har i dei siste vekene blitt observert mykje havørn på Runde. Ta med kikkert og legg søndagsturen til Runde og observer havørnene som no i vandringstida samlar seg på Runde.

Etter å møtt havørna for første gong på Runde sommaren 1960, den gongen nærast ein sensasjon, har Alv Ottar Folkestad fått høve til å gjere seg inngåande kjend med denne fuglen. Frå hausten 1973 fram til dags dato har han vore leiar for det såkalla Prosjekt Havørn i Norge, eit prosjekt som hadde som mål å kartlegge havørnbestanden i Norge, og som i åra etterpå har utvikla seg til å overvake utviklinga av havørna både her til lands og over heile utbreiingsområdet.

Det er kunnskap om og opplevingar med denne fuglearten han vil dele med andre gjennom eit foredrag på Runde miljøsenter komande søndag. Nær 40 års samkvem med ein spennande og imponerande skapning har avdekka sider som har overraska forskaren og som vil bryte ein del med tradisjonell oppfatning av rovfuglane. Kanskje vil også du få innblikk i nye sider ved naturen. I alle fall vil du få høve til å stille spørsmål om denne kjempa blant kystfuglane og den største av dei europeiske ørnene.

Det blir open kafé med middagservering.

Søk på nettsidene