English   Deutsch

  Hovedside
  Prosjekt
 
EfficienSea
Havovervaking med undervassfly
ROV til miljøovervaking
Overvaking av havforsuring i Møre og Romsdal
Kompetansesenter for havenergi
”Frå vogge til vogge” på Runde
Deepnet
Spøkelsesgarn
Oppreinsking av garn langs Norskekysten
Regelverk for blåkveitefiske med garn
Undersøkingar av miljøgifter i Storfjorden
Testing av geologisk lagring av CO2
Bølgjekraftverk
Nye målingar i "Den grøne korridor"
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Runde miljøsenter med i nytt prosjekt for havovervaking


Illustrasjon: forskningsradet.no

Norges Forskingsråd løyvde nyleg 18 mill kr til Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen til eit prosjekt for havovervaking med ny måleteknologi, såkalla undervassfly eller ”gliders”. Runde miljøsenter er partnar i dette prosjektet NACO, Norwegian Atlantic Current Observatory.

Instrumenta (sjå illustrasjon) som skal nyttast, kan gå autonomt opp ned i sjøen i mange månadar og samle data. Mens dei er oppe på overflata ei kort stund sender dei miljødata til land, og det er då mogleg samstundes å kommunisere og omprogrammere dei, få dei til å endre kurs m.m.

Det geografiske fokuset for prosjektet er området Eggakanten ved Møre og nordvestover i Norskehavet, og Runde ligg her svært lagleg til som base. Miljøsenteret er tiltenkt rolla med å koordinere utsetting og opptak av instrumenta, og overvaking/kontroll undervegs. Prosjektet går over fem år og inneber behov for opprusting av fasilitetane ved miljøsenteret og for teknisk personell for å handtere utstyr og data.

Prosjektet vil inngå i ein større europeisk og internsjonal langsiktig satsing for denne type målingar i sbm fiskeri- og havovervaking. Prosjektet bidreg til å styrke senterets relasjonar til Universitetet i Bergen. Den internasjonale forskingsdimensjonen og bidraget som målingane vil innebere for å auke kunnskapen om økosystema utanfor Møre og i Norskehavet, er og viktig for Runde miljøsenter.

Prosjektleiar: Prof. Peter Haugan, Universitetet i Bergen
Kontaktperson ved miljøsenteret: Lars G. Golmen

Sjå meir informasjon her:
http://nyheter.uib.no/?modus=vis_nyhet&id=46122

SØK

Meir informasjon om prosjektet på Universitetet i Bergen sine nettsider