English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Idémyldring om oljevern

29. oktober 2010

Kva må til for å hindre alvorlege miljøskadar ved oljeutslepp? Er det råd å tenkje heilt annleis enn det som har vore gjort til no, og å utvikle utstyr som faktisk fungerer i all slags ver? Det er tema når 12 personar med ulik bakgrunn møtest til idémyldring om oljevern ved Runde Miljøsenter tysdag og onsdag 2. og 3. november.

Oljekatastrofen i Mexico-golfen har demonstrert for heile verda at det ikkje finst godt nok utstyr til å hindre enorme skadar når ulykker skjer. Forsking og utvikling av oljevernutstyr har vore nesten fråverande dei siste 30 åra. Det vi har å hjelpe oss med i dag er:

  • Oljelenser som fungerer berre når der er lite bølgjer.
  • Dispergeringsmidlar: Kjemiske stoff som løyser opp oljen på havoverflata, men som ein veit lite om korleis påverkar miljøet under havoverflata og på havbotnen. Dei enorme mengdene slike stoff som vart brukte i Mexico-golfen kan vere eit mykje større miljøproblem enn sjølve oljen – men på overflata ser det bra ut.
  • Skimmer: Utstyr for å skrape opp oljen frå havoverflata, men dei verkar heller ikkje i bølgjer...
  • Manuell opprensking i strandsonen med greip og spader.

Nettopp det å samle folk med heilt ulike erfaringar og kompetanse kan vere det som skal til for å kome fram til heilt nye løysingar, trur Baard Røsvik i Kongsberg Devotek AS og Sigbjorn Notøy i PLANY AS, som arrangerer idémyldringa i samarbeid med Runde Miljøsenter. Deltakarane har til saman praktisk erfaring frå oppryddingsarbeidet i Mexico-golfen, vasking av oljeskadd sjøfugl, produktutvikling, og skipsbygging. Bland deltakarane vil det også vere ein kjemiingeniør, ein ekspert på bølgjer, og ein som både er arkitekt og spesialist på oljevernutstyr.

For at idéane skal kunne myldre, må deltakarane kjenne seg frie til å kaste fram det dei kjem på i samspelet med dei andre. Derfor får ikkje media vere til stades under sjølve myldringa. Men journalistar er velkomne til å snakke med deltakarane kvar for seg i pausene, og til å ta bilde av gruppene.

SØK