English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 


Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Uventa møte med storkval i indre Herøy
Tirsdag 4. august var Annelise Chapman, Roger Kvalsund og Oliver Hofmann frå Runde Miljøsenter ute på rutineoppdrag. Dei samla inn hydrografidata i "Den grøne korridor" mellom Grasøyane og Selvågdjupet vest av Eika.

På heimveg tilbake til Runde stod dei som biologar flest speidande etter interessante observasjonar. Brått vart dei var ein storkval som var oppe og bles i området mellom Kriksholmen og Røyralykta på sørsida av Dimna. Det var overraskande at den skulle vere på så grunt vatn, så langt sør, og så langt inne frå kystlina. Dei kom den ganske nær, og på få meters hald kunne kvalen observerast i 15 minutt. Då dei forlet den, symde kvalen i retning Kvalneset i Ulstein. Kvalen var ein Knølkval, truleg eit ungt individ, anslått til ca 7-10 meter langt.

Knølkvalen er ein bardekval som normalt kan verte 15 meter lang og vege 30 tonn, men store hoer kan verte 19 meter, og vege 40 tonn. Kvalen har fått namn etter knølane (store knutar) som den har på kroppen og sveivene. Eit anna kjenneteikn er dei store framsveivene som er ca 1/3 av kroppslengda. Desse er opphavet til det latinske namnet Megaptera som tyder ”store venger”. Knølkvalen løftar halefinnen ut av vatnet når den dykkar.

Kalven veg 700 kg ved fødselen, og er 4 – 4,5 meter lang. Den diar mora i eitt år, då har den vorte 9 meter lang. Arten vert kjønnsmoden 5 år gamal, og kan oppnå ein alder på 80 år.


Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.

Foto: Lise Chapman, Runde Miljøsenter.


SØK

Brosjyre om fjørevandring

Artikkel i Sunnmørsposten