|
Miljørock med Frode Alnæs,
Fredag
10. september 2010
10. september 2010

Frode Alnæs. Foto: Morten
Krogvoll
Fredag 10. september blir det for første gong i historia
arrangert friskluftkonsert på Runde. Frode Alnæs
kjem til fugleøya for å slå eit slag for
det unike og sårbare miljøet på øya
og i havet utanfor.
Initiativtakarane bak konserten, Runde grendalag og Kvinne-
og familieforbundet, meiner at Mørekysten er det mest
sårbare sjøområdet i landet, og at det
er alt for lite fokus på å ta vare på dei
verdiane som finst her. Mellom anna er havet utanfor Runde
den viktigaste gyteplassen for norsk vårgytande sild,
og fleire andre fiskeartar. Dette er avgjerande også for
fuglefjellet på Runde, det sørlegaste i landet
og det einaste med hekkande lundefugl sør for Træna.
Konserten blir arrangert rett utanfor Runde Miljøsenter,
som vil halde open kafé for konsertpublikum denne
kvelden. Eit eventuelt overskot frå konserten skal
gå til etablering av ein rehabiliteringsstasjon for
oljeskadd sjøfugl ved miljøsenteret.
Med fredagens
miljøkonsert håper arrangørane å starte
ein årleg tradisjon. Både unge og eldre vil halde
appellar, før Frode Alnæs går på scena
framfor miljøsenteret klokka 19. Billettane kostar
kr. 200,- og kan kjøpast ved festivalområdet.

Foto: Morten Krogvoll
|