| Kreativ
dugnad kan gi betre oljevern 03.
november 2010

Baard Røsvik frå Kongsberg Devotek instruerer deltakarane. Foto:
Runde Miljøsenter
Kan olje fiskast med garn? Kan energien i bølgjer
brukast til å gjere innsamling av oljeutslepp meir
effektiv til større bølgjene er? Er det råd å få til
ein slags magnet som får oljen til å strøyme
til oppsamlingsstaden av seg sjølv, i staden for å prøve å samle
den inn over store havområde? Mange spenstige tankar
kom på papiret i løpet av to novemberdagar
med idémyldring om oljevern ved Runde Miljøsenter.
- Vi har oppnådd det vi håpa på, no
har vi tre konkrete idéar å jobbe vidare med.
Kanskje kan det munne ut i nye, kommersielle produkt om
nokre år, sa ein oppglødd dagleg leiar i PLA-NY
AS, Sigbjørn Notøy, då myldringa var
over. Men akkurat kva for nokre idéar ville han
ikkje ut med. For skal dei eventuelle nye produkta få patent,
er det eit vilkår at dei ikkje er publiserte frå før.
Antikvarisk utstyr
Den vesle bedrifta i Gursken med 13 tilsette satsar på produktutvikling.
Med på laget har dei Innovasjon Norge og næringsfondet
i Sande kommune, som har betalt halvparten av kostnadane
med å arrangere idémyldringa. Det heile starta
på messa Nor-Shipping for nokre år sidan. Då kom
Baard Røsvik frå Kongsberg Devotek AS i Ålesund
og Sigbjørn Notøy i prat om oljevernutstyr.
Dei var samde om at det var på høg tid å utvikle
utstyr som fungerer betre enn det som finst i dag.

Suel Kassembo frå Runde Miljøsenter demonstrerer
korleis han
vaskar ein oljeskadd fugl. Han er ein av svært
få i Norge som
beherskar denne vanskelege jobben, og
han var med og hjelpte oljeskadde
fuglar i Langesund.
Foto: Runde Miljøsenter
Det vart med denne samtalen, heilt til oljeriggen Deepwater
Horison eksploderte i Mexico-golfen, og ei av dei største
miljøkatastrofane verda har sett var eit faktum.
Om nokon på førehand trudde at eksisterande
oljevernutstyr har halde tritt med utviklinga elles i oljeindustrien,
vart det no tydeleg for all verda at slik er det ikkje.
Oljeindustrien har utvikla seg i rivande fart og kan operere
på stadig større djup og i stadig tøffare
farvatn. Men utstyret til å handtere ulykker med
er stort sett det same som for over 30 år sidan.
Og det fungerer like dårleg.
Samarbeid på tvers
Kongsberg Devotek AS jobbar mellom anna med utvikling av
nye teknologiske løysingar, og vart no engasjert
av PLA-NY for å arrangere idémyldring ved
Runde Miljøsenter. Målet var å samle
folk med heilt ulike erfaringar og bakgrunn, få dei
til å tenkje heilt nytt og kaste fram idéar,
og til slutt ende opp med konkrete forslag til løysingar.
Det vart to intense dagar med deltakarar frå dei
to arrangørbedriftene, Runde Miljøsenter,
Nor-X som utviklar miljøvennlege plastprodukt, rederiet
Island Offshore og ein industridesignar som jobbar frilans.
Her var personar med spesialkompetanse på så ulike
ting som vasking av oljeskadd sjøfugl, kjemi, bølgjekraft,
produktutvikling, supplyskip og design. Og kreativiteten
blomstra då deltakarane først kom i gang og
greidde å frigjere seg frå den vande måten å tenkje
oljevern på. No skal det skrivast rapport om det
som kom fram desse to dagane – og så får
framtida vise om resultatet etter kvart blir oljevernutstyr
som fungerer betre enn dagens når ulykker skjer.

Det er ikkje berre enkelt å frigjere seg frå tilvent tankegang.
Frå venstre: Sigbjørn Notøy frå PLA-NY AS, Suel Kassembo
og Svetlana Tjervåg frå Runde Miljøsenter, og José Pinto
frå Kongsberg Devotek.
Foto: Runde Miljøsenter.

Den fenomenale utsikta både inspirerte deltakarane, og understreka kor
alvorlege følgjer eit oljeutslepp kan få.
Foto: Runde Miljøsenter.

Dråpane med vatn i den vesle kolben til venstre illustrerer dei samla
oljeutsleppa frå “Full City” og “Rocknes” i Norge.
Den andre kolben illustrerer utsleppa frå Exxon Valdez i Alaska. Den
fulle vassbøtta illustrerer utsleppa etter “Deepwater Horison” eksplosjonen
i Mexico-golfen. Foto: Runde Miljøsenter.

Olje har den eigenskapen at den ikkje blandar
seg med vatn. Den legg seg på overflata, som i
glaset til venstre. I glaset til høgre er det
tilsett eit dispergeringsmiddel som får oljen til å blande
seg i vatnet – men den er der framleis…… Foto:
Runde Miljøsenter.
|