|
Klart for bølgjeenergi-prosjekt på
Runde
Det nærmar seg oppstart av prosjektet MAREN, som skal
prøve ut bølgjekraftverk ved Runde. NVE ga konsesjon
i desember 2008, etter eit innleiande forstudium av Runde
Miljøsenter og søknad frå det regionale
energiselskapet Tussa. Det svenske energiselskapet Vattenfall
vil gjennom prosjektet nytte Runde som lokalitet for utprøving
av Seabased-anlegga, som er eitt av fleire typer dei vurderer
for storskala implementering ulike stader i Europa. Tussa
bidreg ved å knyte anlegga med kabel til land og inn
på det eksisterande nettet, medan Runde Miljøsenter
vil vere lokal logistikkordinator og delta i overvaking og
kontroll. ENOVA vil bidrage med eit økonomisk tilskot.
Selskapet Seabased med utganspunkt i Universitetet i Uppsala
er grunnlagt av professor Mats Lejon ved Ågström
laboratoriet. Seabased sitt konsept består av eit ”tårn”
som er fast montert på eit tungt fundament på
havbotnen. Inne i tårnet er det ein s.k. lineærgenerator
med ein kjerne av magnetar. Kjernen er festa i ei bøye
på overflata som fylgjer med bølgjene opp og
ned, og på denne måten løftar/senkar kjernen.
Dette genererer elektrisk straum i generatoren. Fleire generatorar
kan arbeide saman for å produsere meir og jamnare straum.
Ved Måganseset sør for Runde skal det i første
omgang plasserast ut to generatorar, kvar på ca. 40
kW. Desse sender straumen til ei reguleringseining på
botnen, som jamnar ut og vekselrettar straumen slik at den
kan sendast vidare gjennom sjøkabelen, klar for det
lokale 22kV-nettet.

Triaxys bølgjemålingsbøye som skal plasserast
ved
Runde
Eit stort overvakingsprogram blir knytt til utprøvinga,
for å dokumentere korleis generatorane yter og oppfører
seg, og for å sjå på respons i høve
til det miljøet omkring og bølgjene. Ei eiga
bøye skal måle bølgjer og andre sjøparametrar.
Det blir òg eit økologisk overvakingsprogram
for å sjå om generatorane kan påverke marint
liv og fugl.
Overvakinga vert eit samarbeid mellom Tussa, Runde Miljøsenter
og Vattenfall. Runde Miljøsenter vil fungere som lokal
koordinator, og det er planen å forsyne miljøsenteret
med straum frå generatorane. I utstillingsdelen av senteret
vil vi syne fram korleis generatorane fungerer og kor mykje
straum som blir produsert i høve til aktuell bølgjehøgd,
vindtilhøve m.m.. Prosjektet vil òg bli knytt
til det regionale kompetansesenteret for havenergi på
Runde, som no er under planlegging.
Målebøya vert sett ut ved Måganeset i
slutten av januar 2009, etter eit tre dagars teknisk kurs
på Runde saman med fagpersonar frå Kanada og Sverige.
Bøya med 1.2m diameter og vekt på 250 kg blir
forankra til botnen med ei slakk line. Generatorane er venta
å vere på plass i løpet av april 2009.
Lars G .Golmen, tlf. 4789 0957, epost: lars@rundecentre.no

|