| Med
naturen som modell
15.
november 2010

Det er spennande å sjå korleis resultatet av komposteringa har
blitt! Suel Kassembo (t.v.) og Rocco Schwalm tømmer kompostbingane ved
Runde Miljøsenter.
- Å produsere søppel må vere det mest
ufornuftige som finst, seier William McDonough, ein av
dei to grunnleggjarane av Cradle to Cradle-konseptet. Dette
er også Runde Miljøsenter sin filosofi: Kvifor
kaste i søpla det som i staden kan bli nyttig, både
for naturen og lommeboka?
Det er berre menneska som produserer søppel. I
naturen blir overskotsmateriale, som til dømes visne
blad, til ny næring som skaper ny vekst.
Om menneska
tenkte på same måten, heile vegen
frå produksjon via forbruk til avfall, ville framtida
sjå lysare ut for oss alle. Søppelproblema
ville bli løyst, dei skadelege CO2-utsleppa ville
stoppe, og menneska sin aktivitet ville bli eit gode for
naturen. Det meiner dei to grunnleggarane av Cradle to
Cradle-konseptet (C2C), den tyske kjemikaren Michael Braungart
og den amerikanske arkitekten William McDonough.
Ny tenkjemåte
–
Kvifor må industriproduksjon vere til skade for naturen,
undra dei to grunnleggjarane, og utfordra med det den vanlege
tankegangen om at ting som blir produserte har ei viss
levetid, og så blir søppel. I staden ser dei
for seg ei framtid der vekst og auka forbruk blir eit gode,
ikkje berre for menneska, men også for natur og miljø.
Frå vogge
til vogge heiter konseptet på norsk.
Det betyr at alle ting skal kunne starte på ein ny
og nyttig livssyklus etter bruk.
Ny industriell revolusjon
I dagens industrielle produksjon blir det brukt store mengder
kjemikaliar og gift, og den skaper enorme mengder avfall
og forureining. I C2C er visjonen at alle produkt blir
laga av reine materiale, som etter bruk kan gå tilbake
til naturen, eller bli til nye produkt.
Ved Runde Miljøsenter er tankegangen til C2C langt
på veg realisert. Dei miljøvennlege tekniske
løysingane for vatn-, varme- og sanitæranlegg
førte til at senteret fekk VVS-prisen 2010. I tillegg
har senteret både golvteppe og stolar som er laga
av 100 % miljøvennlege materiale, og som det er
panteordning på. Det betyr at når dei er utslitne,
blir dei returnerte til produsenten, som så brukar
dei opp att til nye produkt.
Tilbake til naturen
- Tenk om menneska kunne gi tilbake til naturen, ikkje
berre bruke opp, er visjonen til C2C. Ein enkel måte å oppnå det
på, er ved å kompostere matavfallet i staden
for å kaste det i søpla. Då blir matrestane
til ny jord, som det kan produserast ny mat eller planter
i.
Dette blir praktisert ved Runde Miljøsenter.
Det er både enkelt, og mykje rimelegare enn å kjøpe
jord i plastsekkar. Kjekt er det også, når
bingane kan tømast og resultatet er klart: Kasse
på kasse med feit og fin matjord. Når våren
kjem, blir det nytt liv i matavfallet frå kjøkkenet
ved Runde Miljøsenter.

Potetskrell, klippfiskbein og anna matavfall har fått nytt liv: Her er
det mykje god matjord å plante i til våren! Rocco Schwalm (t.v.)
og Suel Kassembo ved Runde Miljøsenter har all grunn til å vere
nøgde med resultatet av komposteringa.
|