|

Jazz for miljøet
09. september 2011
Kvifor fekk ikkje lundefuglen fram ungar i år heller? Og kvifor blir det stadig færre krykkjer i fuglefjellet på Runde? Rundefolket er bekymra. Laurdag inviterer grendelaget og husmorlaget til Miljørock for andre gong. Ytre Suløens Jass-ensemble sa ja til å halde ein friskluftkonsert som eit handslag til miljøsenteret og arbeidet for meir kunnskap om det som skjer i naturen.
I fjor var det Frode Alnæs som heldt konsert til inntekt for miljøarbeidet. I år kjem altså legendariske Ytre Suløens Jass-ensemble frå Sula, forsterka med vokalisten Tricia Boutté.
- Dei seier dei gler seg, smiler Olav Runde i grendelaget. Han gler seg han også, og håper mange kjem. For det manglar ikkje på ting å uroe seg over for dei som følgjer med på utviklinga i fuglefjellet.
Ingen ungar
- Fuglefjellet er første indikatoren på at noko ikkje er som det skal. Noko er riv, ruskande gale når lundefuglen år etter år mislukkast med å fôre fram ungar, seier Kaja Runde.
- Og kva er grunnen til at krykkjene blir borte, dei som før var dei mest talrike i fuglefjellet?
Ho er ei av eldsjelene i grendelaget og husmorlaget, og seier at denne årlege konserten er den dagen i året då Rundefolket slår ring om Miljøsenteret og viser kor viktig dei meiner arbeidet som skjer der er.
- Vi er i innspurten av valkampen, men miljø har det ikkje vore fokus på i det heile, sukkar ho. Ho håper folk i hopetal frå heile regionen tek turen til Runde laurdagskvelden, både for å få ei flott konsertoppleving og for å vise at dei bryr seg om den unike og sårbare naturen i området.
Vaskestasjon
I fjor gjekk overskotet frå Miljørock til vaskestasjonen for oljeskadd sjøfugl som er planlagd ved Runde Miljøsenter. Slik blir det i år også. Og i år er vona større enn på lenge om at ein slik vaskestasjon kan bli ein realitet.
- Miljøverndepartementet har bestemt at det skal utgreiast om ein slik vaskestasjon skal bli ein del av den statlege oljevernberedskapen. Og ved Runde Miljøsenter er alt gjort klart til å bygge opp ein slik stasjon, det einaste som manglar er pengane, seier Olav Runde i grendelaget.
Kafé og Rundeskatten
Konserten er planlagd som ein friskluftkonsert med utescene og sitjeplassar for publikum i uteamfiet ved Runde Miljøsenter. Men blir veret for ille, kan det hende at heile arrangementet vert flytta innandørs, til storsalen i senteret. Også kaféen og utstillinga av Rundeskatten vil halde ope denne laurdagskvelden.

Olav Runde frå Runde Grendalag arrangerer miljørock for å bidra til etablering av vaskestasjon for oljeskadd fugl.
|