English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Vellykka ministerbesøk


Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deler born og unge i Herøy si uro for kva som kan vere i ferd med å skje med fuglefjellet på Runde. Foto: Knut Werner Alsén, Runde Miljøsenter.

Det var eit vellykka besøk av Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim på Runde Miljøsenter måndag 11. mai. Statsråden kom til Runde i kystvaktskipet "Njord", saman med dagleg leiar Nils-Roar Hareide, ornitolog Alv Ottar Folkestad og fylkesmann Ottar Befring.

Inne på Miljøsenteret heldt Solheim eit innlegg der han fokuserte på viktigheita av å følgje
med på det som skjer i naturen, både over og under vatn. Han ser på Runde Miljøsenter som eit viktig instrument for å halde i gang ei slik overvaking, inklusive arbeid med Forvaltingsplan for Norskehavet. Solheim fekk ei omvising i bygget og orientering om prosjekt og planar. Elevar frå skulen i Herøy fekk også møte ministeren. Fylkesmann Ottar Befring, representantar frå miljøvernavdelinga, samt 5 frå staben i departementet deltok i delegasjonen som vitja Runde denne dagen.

Meir om ministerbesøket
http://www.smp.no/article/20090511/NYHETER/861478452/1002
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/492906


Solheim saman med tilsette ved Runde Miljøsenter. Foto: Knut Werner Alsén, Runde Miljøsenter.
SØK