|

NRK-staben sette stor pris på fiskesuppa
dei fekk til lunsj.
NRK Super på plass
10. februar 2011
Staben frå NRK Super er på plass
og vel installerte ved Runde Miljøsenter. Måndag
14. februar startar opptaka til TV-serien “Vaffelhjarte”.
Allereie måndag 7. februar kom dei to første
av NRK-staben til Runde og miljøsenteret. I løpet
av veka kom resten, og no er alle 13 i full gang med førebuingane.
Skodespelarane kjem etter kvart som scenene dei skal vere
med i skal takast opp.

Maria Parr si bok Vaffelhjarte. Foto: Samlaget
Første opptaksdag blir på Rovde
måndag
14. februar. Så går det slag i slag, med opptak
også på Runde og andre lokalitetar i vekene
framover. Etter planen skal denne første delen av
innspelingsperioden vere ferdig innan månadsskiftet.
Neste bolk blir i juni, då sommarscenene skal spelast
inn.
Til minste detalj
Innspelinga av ein TV-serie skjer ikkje på impuls:
Alt er nøye planlagd ned til minste detalj. Mange
faggrupper er involverte, alt frå lyd, lys, foto,
kostyme, rekvisittar, regi, planlegging og organisering.
Denne første veka har gått med til å få alt
utstyr på plass, og til den siste finpussinga av
planane.
TV-serien “Vaffelhjarte” skal visast på NRK
Super til hausten. Den er basert på suksessboka til
Maria Parr, og blir på sju episodar.
|