English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Utstillingsopning med overraskingar

14. april 2011

Ein halv million kroner og eit handtak som kan stamme frå Akerendam: Den offisielle opninga av utstillinga av Rundeskatten inneheldt store overraskingar.

Torsdag 14. april 2011 blir ein ny merkedag i historia til Runde Miljøsenter. Då vart utstillinga av Rundeskatten offisielt opna av banksjef Per Ronald Knutsen i Sparebanken Møre i Fosnavåg. Han hadde med seg den store og gledelege nyheita at banken gir 500 000 kroner til utstillinga, og det vidare arbeidet med den.

Nye funn frå Akerendam?
Og det var ikkje den einaste overraskinga som vart presentert under arrangementet. Marius Remøy frå Herøy Dykkerklubb fortalde at dei hadde vore ute og dykka i Kvalnesbukta laurdag den 9. april. Og då fann han ein uvanleg gjenstand på ni meters djup, som han ville gi som gåve til Runde Miljøsenter. Ut av plastposen tok han fram eit nydeleg støypt handtak, pryda med eit engleaktig barnefjes på toppen. Konklusjonen vart at eventyret om Rundeskatten held fram – og at det skal bli svært spennande å få vite kva ekspertane meiner om det nye funnet, om det verkeleg kjem frå Akerendam.

Sjå Rundeskatten
Utstillinga av Rundeskatten blir open for publikum kvar dag heile påska, frå kl. 12-17.
Les meir om opningstider og billettprisar her.

Bilde frå dagen


Per Ronald Knutsen frå Sparebanken Møre overrekker gåve på 500.000 kr frå banken.
Foto: Leif Arild Håhjem

Marius Remøy overrekker det nye funnet til May Britt Haukås.
Foto: Leif Arild Håhjem

Modellen av Akerendam imponerer.
Foto: Leif Arild Håhjem

May Britt Haukås og fotograf Per Eide studerer gåva frå Herøy Dykkarklubb.
Foto: Leif Arild Håhjem

Annemarie Runde Vadset og Greta Garnes beundrar utstillinga.
Foto: Leif Arild Håhjem

Modellbyggar Robert Pareliussen med den utrolig detaljerte modellen av Akerendam.
Foto: Leif Arild Håhjem
SØK

OMTALAR