|

Rundeskatten i Schrödingers katt på NRK
16. mars 2011
Hentinga av Rundeskatten frå Bergen til Runde Miljøsenter har ført til fornya interesse for funnet og alle historiene rundt. No blir det både reportasje og ein eigen TV-dokumentar på NRK1.
Historiene om forliset til seglskuta Akerendam utanfor Runde i 1725, og om hobbydykkarane som fann nesten 60 000 gull- og sølvmyntar i 1972, har alle ingrediensane som skal til i gode historier. Og no skal nokre av dei bli fortalt i beste sendetid på NRK1.
Reportasje og dokumentar
Reporter Gry Molvær og fotograf Tor Sivertstøl har vore på Runde og gjort opptak til det som i første omgang blir ein reportasje i det populærvitskapelege magasinprogrammet Schrödingers katt, som blir sendt på NRK1 kvar torsdag kl. 1945. Reportasjen om Rundeskatten blir sendt i eitt av dei siste programma før påske. Seinare kjem TV-teamet tilbake for å gjere enno fleire opptak, til ein eigen dokumentar om skatten.
Gode hjelparar
Det vart filma både inne og ute, til lands og til havs. Mange var involverte for å sikre at TV-teamet fekk akkurat dei opptaka dei ønska. Mellom andre stilte Herøy Dykkerklubb med tre mann for å hjelpe til då undervassopptaka med miljøsenteret sin ROV vart gjort. Frå Bergen Sjøfartsmuseum var amanuensis Arild Marøy Hansen med, og sjølvsagt tilsette ved Runde Miljøsenter.
Bilde frå dagen

Roger Kvalsund manøvrerer og filmar med ROV.
Foto: May Britt Haukås.

Gry Molvær og Nils Roar Hareide ombord på Lophelia - på veg til opptak.
Foto: May Britt Haukås

Dykkarar frå Herøy Dykkarklubb hjelpte til med filminga under vatn.
Foto:May Britt Haukås

Kaptein Stig Arne Sævik og Roger Kvalsund ombord i Lophelia.
Foto:May Britt Haukås

Nils Roar Hareide og friske dykkarar frå Herøy Dykkarklubb, f.v: Eirik Slettebakk, Marius Remøy og Vegard Hide.
Foto: May Britt Haukås

Klargjering før toktet. Fotograf Tor Sivertstøl sjekker kamera før avgang.
Foto: May Britt Haukås
|