English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Enorm interesse for skatten

27. april 2011

Sjølv dei mest optimistiske prognosane viste seg å vere for forsiktige: Nesten to tusen personar besøkte utstillinga av Rundeskatten i påska!

- Vi var trygge på at interessa for Rundeskatten er stor i regionen her, men dette var likevel over all forventning! Dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide, smiler frå øyre til øyre. Oppteljinga etter påska viser at nærare to tusen personar la turen til miljøsenteret og utstillinga av Rundeskatten i løpet av påskeferien.

Venta i kø
Ein peikepinn om korleis det ville gå, kom allereie første opningsdagen, på palmesøndag. Då stod folk utanfor og venta på at dørene skulle opne kl. 12. Berre den dagen besøkte om lag 200 personar utstillinga. Og sidan gjekk det slag i slag, med aller mest besøk på helgedagane.

I mai blir utstillinga og kafeen open kl. 12-17 på søndagane, med unntak av den 1. og 22. Desse søndagane blir det andre arrangement ved senteret. Sommarsesongen startar 1. juni, og då blir utstillinga og kafeen open kvar dag heile veka, heilt fram til 15. august.

Les meir om opningstider og billettprisar her.

SØK

OMTALAR