|

Rundeskatten ny turistmagnet på Runde
27. juli 2011
Norske og utanlandske tilreisande strøymer til for å høyre historia om Rundeskatten og sjå utstillinga ved Runde Miljøsenter. Meir enn 5 000 har vore på besøk sidan opninga i påska.
På Runde ligg det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia, og øya er både eit nasjonalt og internasjonalt ikon med magnetisk tiltrekkingskraft. Spesielt fugleinteresserte frå heile Europa kjem til Runde, men den storslagne naturen fascinerer også tilreisande utan spesielle ornitologiske kunnskapar.
Spennande historier
Sidan utstillinga av Rundeskatten opna ved Runde Miljøsenter til påske, har øya fått enno ein turistattraksjon. Til no har meir enn 5 000 personar vore på besøk og fått høyre den tragiske historia om forliset til den nederlandske seglskuta Akerendam for nesten 300 år sidan, og funnet av skatten i 1972.
Den sanne historia er som eit eventyr, den handlar både om sjørøvarar, tragisk død, og om heltane som ved eit slumpetreff fann eit av verdas største myntfunn på havbotnen. Den inneheld både fjern og nær historie, som er like interessant for folk i alle aldrar.
Mykje å oppleve
Eit besøk i utstillinga av Rundeskatten bør alle som kjem til Runde unne seg. Fottur til fuglefjellet er også mogeleg for dei aller fleste, uansett vêr, og også å ta seg ned til fyret. Det ligg rett ovanfor Kvalnesbukta, der Akerendam forliste. På campingplassen i Goksøyra er det råd å sjå ein av kanonane frå skipet. For dei som har lyst på båttur til fuglefjellet, er det fleire sjansar dagleg med ein av båtførarane som tek folk med på tur.
Overnatting
For dei som vil oppleve Runde over fleire dagar, fins det ulike alternativ for overnatting. Runde Miljøsenter leiger ut moderne leilegheiter med høg standard. Dei har oppreidde senger for inntil fem personar, lekkert bad, TV, internett, og fullt utstyrt kjøkken. Alle har fantastisk utsikt til havet.
For dei som ønskjer ein litt enklare standard, kan Christineborg Gjestehus eller campingplassen i Goksøyra vere eit alternativ. Det finst også feriehus for utleige på øya.
Les meir om opningstider og billettprisar her.
|