|
Søndagsopen kafé på Runde
Miljøsenter
14. februar kl. 13:00–18:00

Foto: Knut Werner Alsén, Runde Miljøsenter.
Silda er komen til Sunnmøre i
kolossale mengder og gjer seg klar til gyting utanfor kysten
vår. Fisket er i gang for fullt og det blir fiska sild
frå Smøla til Florø. Det er til no i år
tatt opp 490.000 tonn. Dette er mykje meir enn vekta av alle
innbyggjarane i Noreg til saman.
Runde Miljøsenter markerer denne store hendinga fyrstkomande
søndag med å servere steikt sild i kafeen. Forskar
Nils-Roar Hareide vil halde foredrag om silda kl 15:00. For
dei som er interessert vil det og bli vist fram til dømes
korleis ein kan finne ut kor gamal silda er. Sildedagen på
Runde Miljøsenter passar både for unge og gamle.
Velkomen!
|