English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Garnfangst

18. august 2011

Bård Kopperstad fekk meir enn fisk då han fiska ved fuglefjellet på Runde torsdag. Ei lenke gamle torskegarn er no fjerna frå Liafluda.

Tapte garn kan gjere stor skade om dei blir ståande i havet og fiske i årevis etter at dei er mista. Derfor er det viktig å få fjerne så mykje av dei som råd.
Torsdag 18. august var Bård Kopperstad med sjarken Skagen og fiska på Liafluda like utanfor fuglefjellet på Runde. Men det var ikkje berre fisk han fekk opp: Ei lenke gamle torskegarn vart også ein del av fangsten denne dagen. Og dei hadde han ikkje lyst til å sleppe i havet igjen.
Løysinga vart ein telefon til Runde Miljøsenter. Lars Golmen og Suel Kassembo frå miljøsenteret tok imot dei gamle garna, som no ligg trygt på land.


Bård Kopparstad og Suel Kassembo har fått garna på land.
Foto: Lars G. Golmen

Snurrevadsjarken "Skagen"
Foto: Lars G. Golmen
SØK

OMTALAR