|
Målestasjon
for radioaktiv stråling på Runde
08. juli 2010
Statens strålevern
etablerte våren 2010 ein målestasjon
for radioaktiv luftforureining på Runde. Målingane
er del av eit landsdekkjande nettverk, RADNETT, med 30 målestasjonar
som er knytt til ein døgnoperert sentral. Stasjonen
måler gammastråling som det finst ein viss del
av alle stader (frå t.d. Radon), men som i tilfelle av
atomulukker vil auke i påverka område. Stasjonsnettet
bidreg til å gje eit tidleg varsel i tilfelle radioaktiv
luft eller nedbør kjem innnover Norge, og det er eit
verkty for Kriseutvalet for atomberedskap i tilfelle ei krise
har oppstått. Runde miljøsenter fører dagleg
tilsyn med målestasjonen på Runde som frå før
utfører ulike typar målingar i luft og hav.
Meir informasjon om Statens strålevern sitt målenettverk
finst her: http://radnett.nrpa.no/
|