|

Teater med noko attåt
05. oktober 2011
Det blir godbitar for både kropp og sjel ved Runde Miljøsenter fredag den 14. oktober: Først ei teaterframsyning forankra i kystfolket sin kvardag – og så mat frå den same kysten etterpå.
Storsalen ved Runde Miljøsenter kan brukast til mangt. Men fredag kveld den 14. oktober er første gongen Teatret Vårt kjem på besøk. Med storhavet som bakteppe blir ramma perfekt for framsyninga "Helg" av Torvald Sund.
Blanda kjensler
Familiedramaet handlar om sildefisket som i fleire hundre år har skapt vekst og velstand. Men dette året blir silda borte, og notbasen Bjørn får ei uventa frihelg heime. Der ventar kona Margit og sonen Benjamin. Men gjensynsgleda er blanda med misnøye over dårlege fangstar og uro for framtida.
Og dei som til dagleg lever livet sitt heime med far og mann ute på fiske, korleis er det for dei når han kjem heim og legg seg opp i alt?
Velkjent
Dette er ei historie mange langs kysten vil kjenne seg att i. Ressursane i havet var ikkje utøymelege, og livsgrunnlaget i mange kystsamfunn vart endra då silda svikta. Teaterstykket handlar om vår nære fortid, om vilkåra til kystfolket som pregar samfunn, familiar og arbeidsliv den dag i dag.
Samarbeid
Teaterframsyninga er resultatet av eit unikt samarbeid mellom Teatret Vårt i Molde, Trøndelag Teater og Nord-Trøndelag teater. Det er første gongen dei tre store teatera i Midt-Noreg går saman om ei framsyning, som sjølvsagt skal på turné i alle tre fylka. Musikken er det Henning Sommero som har komponert, Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning spelar rollene som Margit og Bjørn.
Mat frå havet
Etter framsyninga ventar ei ny stor oppleving dei som tingar plass på førehand: Kokkane ved Runde Miljøsenter har komponert ein eigen meny for anledninga. Den har fått namnet "Buffét i havgapet – med innslag av sild". Her er det avgrensa kor mange det er plass til, så det gjeld å vere rask å melde seg på.
Billettar berre til teaterframsyninga kan også tingast på førehand ved Runde Miljøsenter, eller kjøpast i døra.
Runde Miljøsenter
Fredag 14. oktober kl. 18.
Billett teater og buffét: Kr. 590,- pr. pers. Drikke til maten er ikkje inkludert i prisen.
Billett berre til teaterframsyninga: Kr. 200,-

Teatret Vårt - HELG. Foto: Teatret Vårt

Teatret Vårt - HELG. Foto: Teatret Vårt

Teatret Vårt - HELG. Foto: Teatret Vårt
|