English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter søkjer dagleg leiar

23. februar 2011

Runde Miljøsenter opna i juni 2009 og framstår i dag som eit attraktivt forskingsmiljø og som feltstasjon innan maritim miljøforsking. Oppdragsmengda innan forsking og utvikling er aukande, og noverande dagleg leiar skal fokusere meir på dette feltet.

Vi har difor ledig stilling som dagleg leiar

Den grunnleggande idéen med senteret er å etablere fasilitetar som kan trekke forskingsmiljø frå heile verda til Runde. Senteret har fasilitetar for overnatting, kurs, konferansar og forsking. Ved senteret er det òg under oppbygging eit informasjonssenter som skal formidle kunnskap om fugleliv, havmiljø, fiskeressursar og ikkje minst skatteskipet Akerendam. Det er i dag 10 tilsette ved senteret.

Stillinga er tillagt eit todelt ansvar:

Leiar for fellesadministrasjonen, herunder dagleg drift, økonomi, personal, IT og styrearbeid
og leiar for kurs- og konferanseavdelinga, herunder marknadsarbeid, promotering, kontaktarbeid, booking, planlegging, gjennomføring og forpleining innanfor kurs- og konferansemarknaden
Vi søkjer ein person som har brei kunnskap, helst på høgskulenivå, innanfor ansvarsområda som er nemnde ovanfor, og allsidig erfaringsbakgrunn. Spisskompetanse innanfor drift av kurs- og konferanse og hotell vil bli vektlagt, og det same vil gjelde kompetanse/erfaring innanfor IT/data og økonomi/rekneskap på rimeleg høgt nivå.

Arbeidsstaden er Runde Miljøsenter på Runde, og vi tilbyr løn etter avtale
Søknadsfrist 15.03.11

Kontakt for meir informasjon:
Dagleg leiar Nils-Roar Hareide (412 91 107) eller styreleiar Jan Driveklepp (909 36 506)

 

SØK