|
Nasjonal pris til Runde Miljøsenter
21. oktober 2010

Glade deltakarar som alle har ein del i prisen: Frå venstre: Magnus Holstad
frå Jets, arkitekt Siri Lykke Kolstad, dagleg leiar i Runde Miljøsenter,
Nils Roar Hareide, Paul Rune Ingebrigtsen frå Enøk-senteret og
Paul-Sindre Tarberg frå Jets. Foto: Knut Werner Alsén
Runde Miljøsenter i Herøy i Møre og
Romsdal har fått VVS-prisen for 2010. Dette er ein
pris som VVS-bransjen i Norge står bak, og som blir
delt ut annakvart år.
- Dette er ei stor ære, og svært gledeleg både
for oss og dei lokale leverandørane våre, sa
dagleg leiar Nils-Roar Hareide, då han tok imot prisen
på den store bransjefesten til den nasjonale VVS-messa
i Oslo torsdag kveld.

Fra V. styreleiar i Norsk VVS Energi- og Miljøteknisk Forening, Hallstein Ødegård,
dagleg leiar i Runde Miljøsenter Nils-Roar Hareid, konferansier Alex
Rosèn og dagleg leiar i Norsk VVS Energi- og Miljøteknisk Forening,
Thor-Jostein Egeland. Foto: Knut Werner Alsén

Det er stor interesse for å lære om dei miljøvennlege
tekniske løysingane ved Runde Miljøsenter.
Foto: Knut Werner Alsén

Runde Miljøsenter. Foto: Knut Werner Alsén
|
Det er Norsk VVS Energi- og Miljøteknisk
forening som deler ut den svært ettertrakta VVS-prisen.
Målet med den er å fremje gode løysingar
for varme-, ventilasjon- og sanitæranlegg i bygg,
og å kome fram til tekniske løysingar
og ingeniørarbeid som bidreg til godt inne-miljø og
lågt forbruk av energi.
Ved Runde Miljøsenter vart det lagt opp til
fleksible og miljøvennlege tekniske løysingar
heilt frå dei første utkasta til teikningar
vart laga. Nettopp dette at det er tenkt miljø,
framtidsretta og berekraftige løysingar heilt
frå starten, er ein viktig grunn til at forskings-
og formidlingssenteret fekk VVS-prisen. Og like viktig
er det at senteret aktivt informerer om anlegget,
og nesten dagleg tek besøkande med på omvisingar.
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon,
eit formidlingssenter og ein møteplass for
kurs, seminar og konferansar, som vart offisielt
opna 1. oktober i fjor. Sidan senteret ligg i eit
freda og svært sårbart naturområde,
har bygget det fremste innan miljøteknologi,
med fokus på miljøvennlege bygningsmateriale,
energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige
avfall og avløpsvatn.
Runde Miljøsenter er ein regional pådrivar
for framtidsretta energiløysingar. Fordi det
er brukt lokale leverandørar har mange verksemder
i området fått høve til å hauste
verdifulle erfaringar. Senteret er også i seg
sjølv eit attraktivt demonstrasjonsbygg og
eit utstillingsvindauge for miljøvennleg teknologi
og miljøvennlege materiale. Dette er også grunnen
til at senteret er eit forbildeprosjekt for ENOVA.
Ved å gi VVS-prisen for 2010 til Runde Miljøsenter,
vil Norsk VVS Energi- og Miljøteknisk forening
bidra til endå større merksemd om prosjektet,
og auka interesse for framtidsretta tekniske installasjonar
i bygg.
|

Det er omvisningar ved Runde Miljøsenter nesten dagleg. Foto: Knut
Werner Alsén
Dette er Norsk VVS Energi- og
Miljøteknisk forening
si grunngjeving for å gi Runde Miljøsenter VVS-prisen
2010:
- Senteret har tenkt langsiktig
i høve til miljø og
berekraft heilt frå starten.
- Det har gode, fleksible og
framtidsretta tekniske løysingar.
- Runde Miljøsenter fremjar VVS-bransjens sine gode
løysingar gjennom aktiv spreiing av informasjon.
- Prosjektet er unikt fordi
det har lagt opp til å følgje
ressursbruk og energiproduksjon tett.
- Senteret legg vekt på rolla som regional pådrivar
for framtidsretta energiløysingar
- Det har eit uvanleg stort
formidlingspotensial fordi det er eit publikumsbygg,
og i tillegg blir brukt både
av nasjonale og internasjonale forskarar og studentar.
- Gjennom å tildele Runde Miljøsenter VVS-prisen
2010, ønskjer vi å bidra til vidare merksemd
om prosjektet, og dermed auka interesse for VVS-bransjen
sine framtidsretta løysingar.
|