English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 


Foto: Knut Werner Alsén

Overnatting

Runde Miljøsenter har gode fasilitetar for overnatting. Senteret har åtte leilegheiter, kvar med fem sengeplassar. Leilegheitene er heilt nye og moderne. Kvar av dei inneheld fullt utstyrt kjøkken, bad med dusj og varmekablar i golvet, eit tomannsrom, eit enkeltrom, og dobbel sovesofa på stova. Ein kan sjølv velje om ein vil leige ei heil leilegheit, eller eitt eller fleire rom. Leilegheitene er utstyrte med fjernsyn, kjøleskåp og oppvaskmaskin. Det er lagt opp til sjølvhushald, og sengklede og vask er inkludert i prisen.

Leilegheitene ligg fint til i terrenget, og har god utsikt. Om sommaren kan ein studere fuglelivet frå stoveglaset, om vinteren kan ein la seg fascinere av båra som bryt mot skjera rett nedanfor. Ei leilegheit ved Runde Miljøsenter er ein fin base for turar til sjøs og til lands. Miljøsenteret ligg like ved hamna. Derifrå går det guida båtturar rundt øya kvar dag i sommarhalvåret. Ein båttur gir ei unik og nær oppleving av livet i fuglefjellet. På Runde ligg det også godt til rette for mange fine fotturar. Over heile øya finn ein gode, oppmerka stiar. Ein kan til dømes ta ein tur ut til Runde fyr, eller studere fuglekoloniane frå fjellkanten. Etter ein lang dag med naturopplevingar, kan ein trekkje seg tilbake til si eiga leilegheit.

I sommarhalvåret er kaféen ved senteret open - sjå opningstider.

Prisar
Leilegheit for 5 personar: Kr. 450,- pr. person pr. natt (totalt kr. 2 250,-)
Dobbeltrom: Kr. 750,- pr. person pr. natt (totalt kr. 1 500,-)
Enkeltrom: Kr. 1 000,- pr. natt
Prisane inkluderer bruk av stove med TV og internett, og fullt utstyrt kjøkken.

Bestilling
booking@rundecentre.no
eller
telefon +47 700 80 800

Det er og muleg å bestille på nettet via visitÅlesund:

Norsk
English - online booking through visitÅlesund


Foto: Knut Werner Alsén

Foto: Knut Werner Alsén

Foto: Knut Werner Alsén

Foto: Knut Werner Alsén

 

SØK