|
Bølgjekraftverk til Runde Miljøsenter
19. januar 2009
Sommaren 2006 overtok Runde Miljøsenter bølgjekraftverket
Storwave, som er utvikla og patentert av Ola Stornes på Tingvoll.
Storwave er eit strandlokalisert anlegg som utnyttar energien
i innkomande bølgjer som blir leia inn i eit kammer. Energien
blir overført til to stempel som arbeider h.h.v. mens vassøyla
stig og sekk i kammeret. Energien kan så takast ut i eit sekundært
trinn.
Anlegget på 30 kW er ein demo-installasjon som vil bli gjenstand
for vidare testing og nytta til undervisingsformål. Anlegget
vil også inngå i miljøenterets aktivitet rundt fornybar energi,
herunder informasjon om energi frå havet.
|