|
Eksperiment i Storfjorden i samband med geologisk
lagring av CO2
Sommaren
2005 vart det utført eit vitskapleg eksperiment på
400 m djup i Storfjorden utanfor Hjørungavåg
der sedimenta vart eksponerte for varierande mengder av CO2.
Forsøka vart gjort i samarbeid mellom RITE og Kanso
i Japan, NIVA, British Geological Survey i England, Bundesanstalt
für Geowissenschaften und Rohstoffe i Tyskland, Høgskulen
i Ålesund, med støtte frå ODIM i Hjørungavåg,
og med Runde Miljøsenter som lokal ko-ordinator. Grunnlaget
for forsøka er planane om å lagre CO2-gass frå
t.d. gasskraftverk og andre store utsleppskjelder i grunnen
under havbotnen. Slik lagring kan medføre lekkasjar
opp til havet, og det er viktig å kunne ha ei meining
om kva miljøeffektar dette i så fall vil kunne
få.
Sjå resultat av forsøka i
prosjektrapporten (PDF, 1,5 MB)
|