|
Deepnet-prosjektet
Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Irland som
vart starta i 2004 under leiing av Nils-Roar Hareide. Resultata
frå prosjektet (Deepnet
Report, PDF) viste at det har gått føre seg
eit omfattande ukontrollert garnfiske på djupt vatn
i EU-farvatn. Fisket blir drive av spanske fiskarar som har
båtane sine registrert i Storbritannia, Tyskland, Frankrike,
Panama, Beliz og Togo. Fisket har blitt utført med
altfor stor mengde garn, noko som har ført til at garna
har blitt ståande altfor lenge i sjøen og store
mengder fisk har blitt øydelagt av dette.
Resultata frå prosjektet førte til at det vart
sett fokus på dette fisket, og EU kommisjonen stoppa
fisket i februar 2006. EU arbeider no med å vurdere
nytt regelverk i fisket, og Runde Miljøsenter er med
i dette arbeidet.
Nils-Roar Hareide presenterte resultatet frå Deepnet-prosjektet
på Nor-Fishing
Techonology Conference 2006.
Abstract
(PDF 15 kb)
Rapport
frå prosjektet (PDF - 3,2MB)
PS: Viss du ikkje klarer å opne dokumenta, må
du sannsynlegvis installere Adobe Acrobat Reader. Programmet
kan du laste ned gratis frå Adobe
sine nedlastingssider
|