|
Kompetansesenter for havenergi

I havet er det lagra store mengder energi. I prinsippet har det potensiale til å forsyne oss med all energien vi treng. Føresetnaden er at vi klarer å fange og ta i bruk energien til våre føremål og forbruksmønster.
På verdsplan er det estimert at vi med dagens teknologi har eit teknisk utnyttbart potensiale på rundt 100.000 TWh energi pr år.
Norge har gode føresetnader for produksjon av energi frå havet. Det er store energimengder i bølgjene som treff kystlina, den Nordatlantiske straumen gir oss issfrie farvatn og varme som kan utvinnast. Elvane som renn ut i havet kan nyttast i osmosekraftverk. Det er lange maritime tradisjonar langs kysten og derfor gode føresetnader for å utvikle og bygge teknologi som toler påkjenningane frå sjøen.
Kompetansesentra i Møre & Romsdal fylkeskommune
Kompetansesenter for havenergi på Runde er eit av 3 sentra støtta av Møre & Romsdal fylkeskommune. Dei andre to er kompetansesenter for sol- og bioenergi på Tingvoll, og kompetansesenter for vindkraft på Smøla.
Hovudføremålet med kompetansesentra er å utvikle formidlingstilbod til ulike målgrupper om produksjon og forbruk av fornybar energi. På Runde fokuserer vi på energi frå havet, men vi vil samarbeide med Tingvoll og Smøla om generell informasjon om energi.
Formidling av kunnskap
Dei viktigaste målgruppene våre er skular, både elevar og lærarar, samt publikum generelt. I tillegg meiner vi det er viktig å formidle korrekt og nøktern informasjon til styresmakter, media og andre i det offentlege rom. Ikkje minst skal vi vere ein ressurs for næringslivet og bidra til teknologi- og næringsutvikling innan havenergi.
"Havenergisenteret ved Runde Miljøsenter skal utviklast til å ta rolla som den fremste nasjonale ressursen på kunnskap og informasjon om energi frå havet. Havenergisenteret på Runde skal vere den første staden ein tenkjer på å søkje informasjon om havenergi når ein treng det.
Vi skal jobbe for å spreie kunnskap om potensialet for utnytting av energi frå havet, og vi skal vekke interesse hos ungdom for å bidra til eit samfunn bygd på berekraftig energi og forsvarleg forvaltning av naturen.
Det skal vere moro og lærerikt å besøke oss."
Møre & Romsdal fylkeskommune er vår største sponsor, som har løyvd ein knapp million i året i 3 år til drift og investeringar. Også Herøy kommune er med som sponsor.
I tillegg bidrar Rolls-Royce Marine, Tussa og svenske Vattenfall, og næringslivet i Herøy kommune gjennom ei løyving frå Herøy Næringsforum.
Den primære oppgåva vår er formidling til skuleverket og det offentlege. Samtidig ser vi at det er viktig å få med industrien rundt oss. Dette fordi vi må synleggjere at havenergi er eit potensielt forretningsområde i framtida. Vår påstand er at vi kan få til ei ny havenergiklynge, som kan få same betydning i framtida som offshore har hatt for næringa til no.
Kompetansesenter for havenergi har ein eigen nettstad der du finn meir informasjon om prosjektet og aktivitetane våre. Besøk www.havenergisenteret.no
|