English   Deutsch

  Hovedside
  Prosjekt
 
EfficienSea
Havovervaking med undervassfly
ROV til miljøovervaking
Overvaking av havforsuring i Møre og Romsdal
Kompetansesenter for havenergi
”Frå vogge til vogge” på Runde
Deepnet
Spøkelsesgarn
Oppreinsking av garn langs Norskekysten
Regelverk for blåkveitefiske med garn
Undersøkingar av miljøgifter i Storfjorden
Testing av geologisk lagring av CO2
Bølgjekraftverk
Nye målingar i "Den grøne korridor"
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Nye målingar i "Den grøne korridor"

Sjøområdet ”Den grøne korridor” mellom Gurskøy og Hareidlandet på Sunnmøre (sjå innringa område på bildet ovanfor) er vurdert til å ha avgrensa resipientkapasitet og vere sårbart for forureiningstilførsler. Dette vart stadfesta av granskinga som NIVA gjennomførte i 1984–85, då det vart avdekka dårleg vassutskifting og nesten oksygenfritt djupvatn i fleire av dei innelukka bassenga.

Det har ikkje vore gjennomført noko form for oppfølgjande kontroll/overvaking i løpet av dei 20 åra som er gått etter dette, fram til oppstarten av noverande program sommaren 2005.

I same periode er det kome til fleire større utbyggingsprosjekt og meir busetnad i nedslagsfeltet, noko som kan ha medført auka tilførsler av organisk stoff m.m. til sjøen. Samstundes har det vore utført omregulering av større utslepp.

Runde Miljøsenter (RMS) tok på eige initiativ ei stikkprøve i Haddalsvika 28. juli 2005, og denne avdekte reduserte oksygentilhøve nær botnen og tilsynelatande forverra tilhøve samanlikna med 1984–1985.

Vi såg då eit behov for å få oppdatert kunnskapen om vasskvaliteten, og skisserte eit forslag til måleprogram. Dette kom i gong i september 2005, basert på private midlar og eigeninnsats frå Runde Miljøsenter.

SØK
Notat om granskingane (PDF - 0,7 MB)