|
Spøkelsesgarn (Ghost fishing)
Tapte garn medfører eit betydeleg skjult fiske og
tap av viktige ressursar, og Runde Miljøsenter er ein
sentral aktør i Europa innan arbeidet med å redusere
dei problema tapte garn medfører.
På oppdrag frå irske myndigheiter leia Nils-Roar
Hareide sommaren 2006 eit tokt til Rockall og Porcupine-banken
der formålet var å tråle opp tapte garn.
Toktet vart gjennomført med den irske trålaren
India Rose. Eit tilsvarande tokt vart gjennomført i
2005 (Opprensking av tapte
fiskeredskaper i 2005 (PDF - 0,8 MB)).
Toktet i 2006 starta 18. juli og varte til den 13. august.
Første del av toktet vart avslutta i Killybegs den
28. juli. Resultata frå første to veker av toktet
viser at ein fekk opp ca. 10 km med garn, ca. 5 km med diverse
tauverk og nokre meter med wire.
Alle garna vart funne i søraustkanten av Rockall-banken
på 400 til 800 meters djup, der det vart sokna i 5 dagar.
Det vart ikkje funne garn på djup mellom 800 og 1400
meter. Ein var ved fleire høve i kontakt med garn som
stod så djupt, men det let seg ikkje gjere å hale
dei heilt opp til overflata før dei vart avslitne.Toktet
viste at der er mykje tapte garn på Rockall-banken,
og at det er vanskeleg å få opp garn som er mist
på djupare vatn enn 800 meter.
I dei undersøkte områda vart det gjennomført
oppreinsking i berre ein svært liten del, og desse områda
utgjer berre ein liten del av det området der ein reknar
med at det er mist garn. Det totale området er av storleiksorden
minst to gongar så stort som Irland. Det kan difor synest
som ei uoverkomeleg oppgåve å reinske opp alle
garna som er mista der.
For framtida er det naudsynt at dei som fiskar med garn gir
beskjed om posisjon på tapte garn slik at dei kan takast
opp igjen på ein effektiv måte. Det er dessutan
lite truleg at det kan late seg gjere å drive effektiv
garnopprensking på djupare vatn enn 800 meter.


|