English   Deutsch

  Hovedside
  Prosjekt
  Pressemateriale
  Om Verksemda
  Om RMS
  Forretningsplan
  Faksimiler
  Visjon
  Bildegalleri
  Byggeprosessen
  Ledig stilling
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Turistinfo
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Verksemda

Du kan også lese Runde Miljøsenter sin rapport til Nordisk Råd (PDF - 5MB)

Personar med tilknyting til Runde Miljøsenter
Klikk her for meir info

Drift
Stasjonen skal drivast av Runde Miljøsenter AS. Dette selskapet vart stifta i 2004 og er eigd av Lars Golmen, Hans Petter Runde, Greta Garnes og Nils-Roar Hareide. Selskapet arbeider med å legge til rette for at forskingsinstitutt, universitet og andre kan kome til Runde for å drive forsking. I tillegg skal selskapet samle inn grunnleggande miljødata både frå sjø og land. Det vart i april 2005 sett opp ein automatisk meteorologistasjon på Runde, og månadleg innsamling av miljødata har starta i "Den grøne korridor". Selskapet har i samarbeid med NIVA (Norsk institutt for vannforsking) fått i oppdrag å drive bylgjemåling i samband med utbygginga av Ormen Lange-feltet. Runde Miljøsenter har òg i samarbeid med NIVA og Høgskolen i Ålesund lagt til rette for at japanske forskarar frå instituttet RITE kunne gjennomføre eit forskingsprosjekt i Storfjorden hausten 2005. Runde Miljøsenter AS har no etablert kontor på Runde.

Stasjonen skal ikkje operere som eit forskingsinstitutt, men vere tilretteleggar for at forskarar frå resten av verda kan kome til Runde og samle data og materiale, teste utstyr, analysere måleseriar og skrive rapportar.

I tillegg til denne oppgåva skal stasjonen samle inn grunnleggande miljødata som skal vere tilgjengelig for forskarar som vitjar stasjonen og for forskarar som arbeider med til dømes klimaendringar, fugleforsking og fiskeriforsking.


Opptaking av forsøksrigg i Storfjorden september 2005.
Prosjektet var gjennomført av RITE, Japan og NIVA, Noreg.


Runde Miljøsenter AS set ut målebøye i Onadjupet, November 2005.
Prosjekt i regi av NIVA på oppdrag frå Norsk Hydro.

 

Bygg
Det er planlagt eit bygg på tilsaman 1450 kvadratmeter som er kostnadsrekna til 25 millionar kroner. Bygget er tenkt plassert i det gamle steinbrotet ved hamna. Det er inngått munnleg avtale med grunneigarane i området om at Runde Miljøsenter kan få kjøpe eit areal å vel 7 mål (sjå figuren under). Det er no sett i gang reguleringsarbeid i regi av Herøy Kommune for å legge forholda til rette for etableringa.

 


Kart over hamneområdet på Runde.
Skravert område viser tomta der stasjonen skal plasserast

Bygget skal ha vesentleg høgare miljøkrav enn vanlege bygg. Det skal vere null utslepp og der skal vere lav energibruk og høg grad av gjenvinning og resirkulering. Bygget skal vere eit ”forbildeprosjekt” som skal vere med på å utvikle og formidle kunnskap om miljøvennlege byggemetodar og energibruk. Det skal leggast vekt på at arkitektonisk utforming og byggtekniske løysingar skal optimalisere energibruk og innemiljø og minimalisere utslepp. Ulike energiforsyningsløysingar skal vurderast (sol, bio, varmepumpe, gass og biogass). Det skal settast saman integrerte konsept dvs teknologi og løysningar som passar saman, slik at ein får kostnadseffektive og robuste system og bygg.

I denne prosessen skal det involverast eskpertise frå NTNU og Universitetet for miljø og biologi (Ås). Desse skal samarbeide med arkitekt, ingenør og ulike utstyrsleverandørar.

Planleggings- og byggeprosessen skal dokumenterast og formidlast både i media, på internett og i det framtidige infosenteret.

Til Toppen

Søk på nettsidene
Brosjyre - Runde Miljøsenter